Nysgjerrige til sølv, igjen

Av Magnar tir 07.05.2019 - 08:58
På besøk hjå Nils

Problemstilling, hypotesar og forsking

Det byrja med problemstilling og mange hypotesar. Så var det å forska for å finna ut om hypotesane stemte. Nokre av hypotesane stemte – andre gjorde ikkje det.  Gamledagar var «verre enn dei trudde», men nokon ting var eigenleg likt òg.

Elevane fann ut at dei ikkje er så ulik andre ungar her i Eksingedalen. Både før og no og andre plassar leikar ungar dei same leikane. Men dei leikte meir før. No gjer dei mange andre ting òg (nokon speler veldig mykje data) – og no er dei med på fritidsaktivitetar. I Eksingedalen er det mest friluftsliv som er organisert aktivitet, andre stader er det lagidrett. Før var det ikkje organiserte fritidsaktivitetar. Noko dei fann ut at noko som er spesielt for Eksingedalen, både no og før, er at dei er saman med både yngre og eldre på fritida si. Å ha eldre vener er faktisk ikkje uvanleg, slik var det her i Eksingedalen før òg. Og så er dei meir saman med familien sin enn andre stader.

Elevane seier i rapporten sin: «Me har lært mykje om gamledagar. Det har vore veldig kjekt! Tenk på alt me ikkje visste! OG: Det var verre å vera i gamledagar enn me trudde!»

Forskinga har gjort at dei fire «Nysgjerrigperane» veit meir om kva som er bra med å bu i Eksingedalen, og dei er heilt klare på at dette er ein bra plass å veksa opp og gå på skule.

Mykje å lura på

Her er konklusjonen frå rapporten deira:

KVA ER DET ALLER BESTE MED EKSINGEDALEN NO?

Me er glade for at me har det tryggare skule og skuleveg enn dei hadde i gamle dagar. Me er glade for at ingen blir straffa på skulen. No er det ein skule i Eksingedalen, og det er bra å gå på same skulen som ungdomsskulen, for då vert me fleire!

Det er fint å vera elev ved Eksingedalen skule, sjølv om me av og til helst vil vera heime.

Mange  besøker Eksingedalen i helger og feriar. Då er det mange fleire me kan vera saman med. Slik har det visst alltid vore her! Det er bra sidan me ikkje har så mange av vår alder å vera saman med til vanleg.

I floren til Heidi

Me syns at fleire burde flytta til EKSINGEDALEN! Det eller beste er:

  • Her er det frisk luft, masse fisk, ender og sauar!
  • Her er veldig fin natur, og eit bra miljø der alle kjenner alle!
  • Me ha fine badeplassar!
  • Me har masse snø å leika i!
  • Alle stølane, som er fine å gå til!
  • Alle gardane, som er fine å ha her i dalen!
  • Det er koseleg å sjå alt det fine her!
  • Det er trygt og godt med vener i alle aldrar!
  • Det er ikkje klespress, alkoholpress og ikkje noko med røyk eller andre rusmiddel!
  • Her er masse felles aktivitetar! Trening, fellesturar og friluftsgruppe!
  • Her er ikkje noko drama eller uvener, og ein veldig koseleg plass!

 

Kva elevane elles har funne ut, kan lesast i rapporten deira https://www.nysgjerrigpermetoden.no/Prosjekt/Report/51027

 

Fisketur