17.mai med det meste av det beste

Av Frøydis fre 17.05.2019 - 23:07
Blid17.mai talar - Maria Lavik
Magnar Nese (th) får pris for stort engasjement - spesielt for skisport i dalen

Årets eksingedøl - Magnar Nese

Bygdafolk har vore med og nominert prisvinnaren, og har tatt fram mange gode eigenskapar Magnar har. Han er særs engasjert – og er med på det meste som skjer i dalen. Han stiller alltid med godt humør og vilje til å bidra. Han har over mange år vore leiar for skigruppa i idrettslaget, og vore den som har sytt for at det blir halde skirenn kvar vinter i dalen. Der andre foreldre gjerne reduserer på aktivitet og dugnad når eigne barn veks til, der har Magnar berre halde fram. Mange ungar  (og vaksne) har nytt godt av dette, og Magnar ser ikkje ut til å gå lei.

Me håpar at han framleis vil halde fram engasjementet i dalen, noko me har stor grunn til å tru at vil skje. Prisutdeling føregjekk under fellessamlinga i gymsalen på skulen.

Luftgevær-skyting. Vinnar av kvinneklassen, Anna Bergo til høgre

17.mai feiring er ekstra kjekk med så fint vèr som i år. Tida gjekk fort, og kiosken gjekk tom for is. Ingen sure miner for det, og butikk-ansvarlege fekk snart lagerpåfyll.

I Eksingedalen er der tradisjonelle aktiviteter som går att kvart år. Luftgeværskyting for alle er alltid populært. Sjølv om papirblinkane blafra i vinden, og folk hadde meir eller mindre trening i skytinga (helst mindre), vart det likevel mange pling i kulemottakaren og mange poeng delt ut. Å vinna interne og mindre tevlingar – kanskje slå naboen eller kjærasten var for mange like viktig som å delta i konkurranse mot alle.

Hestesko og pilkast er også faste program på 17.mai. I dag sto der tidvis lange køar for å få delta. Då var det også tid til å ein prat med naboen.

Der det er mest engasjement og prestisje er kanskje 60-meteren. Ei stund utpå dagen blir dette annonsert, og folk strømer ned på vegen. Evelyn styrte med skråsikker stemme og to klokker, og fekk alle nøyaktig tidsett. Dei mest engasjerte – eller mest opptatt av HMS -bytte ut bunadsko med joggesko, og la i veg med bunadsskjørtet oppkveila i handa. Dette gav ikkje nødvendigvis bestetid likevel. Magnus Trefall er stort sett sikker vinnar kvart år, men han fekk i dag uventa hard motstand frå ein ung vossing, Jørgen Rene. Ved slutt-duellen gav Magnus alt og hala sigeren i mål. Til neste år kan det bli annleis.

Evelyn Gullbrå styrer start og tidtaking med stø hand
Aage Lavik utfordra dottera Linda og Liv Anne Bergo til duell. Det vart dødt løp
Upåklageleg stil.
Alt for å vinne over naboen
Vinnarduell. Fv Jørgen Rene og Magnus Trefall

Når leikane er over, og folk samlast til premie-utdeling og loddtrekning i gymsalen, kjenner ein at det er godt å vere eksingedøl og godt å få bu i eit fritt og trygt land. «Ja, vi elsker»  til slutt understreka dette.  Så kunne me reisa heim og finna på noko anna – medan komiteen enno hadde nokre timar med arbeid att. Takk til dei!

Loddtrekning til slutt