Bli med på Ryddedugnad 2019!

Av Liv Anne ons 22.05.2019 - 22:18

Som sist vår tek Bygdarådet initiativ til "Vår-ryddedugnad" i Eksingedalen. Det er avtale med BIR om levering av innsamla søppel i dugnadssekker ved hyttekonteinarane på Flatekval, Lavik, Nesheim og Ekse måndag 27.mai. Sekkar kan hentast hjå Hege på butikken.

- Skaff deg dugnadssekk hjå Hege og sett i gang der du bur, oppmodar Jørgen og Anna som organiserer det heile dette året. 

- Det er kjekt om bilete vert sendt inn undervegs, slik at arbeidet kan dokumenterast etterkvart og inspirera fleire til innsats.

Målet er at alle plukkar langs grøftekantar og vassdraget der ein bur - slik at ein går saman for å hindra at plast og anna søppel hamnar der det ikkje bør vera.

Elevane på skulen starta aksjonen med plogging i gymtimane og jakt etter både stor plast og mikroplast i uteskulen. Dei fann mykje i år også:

På Gullbrå har folk vore i aksjon i regnvèret onsdagskvelden: