Krevjande vegsteging

Av Frøydis tor 30.05.2019 - 19:30

Mellom 22.mai og 29. juni har vegvesenet varsla sikringsarbeid på fv 313.

På nettsida til vegvesenet kan me i dag lese:

FV 313, Utsikten, på strekningen Neshiemsfjellet: Kan bli stengt i perioder på inntil 4 timer på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til fredag fra 08:00 til 20:00. Lørdag fra 08:00 til 18:00. Åpent for gjennomkjøring kl 12:00-12:30 og kl 16:00-16:30

Me er veldig glad for at vegen vert sikra, men under arbeidet er det kun kvar 4. time det er sikkert å få køyre forbi området. Mange i dalen har reagert på den omfattande stenginga, og opplever mykje ulemper med dette. Trass varsla stenging ser ein av og til at der ikkje er arbeid på tid annonsert for stenging. Dette skaper uforutsigbarheit og frustrasjon mellom folk i dalen. 

Bygdarådet har sendt inn brev der ein problematiserer den massive stenginga ved slikt arbeid, og ber dei gjere om på dette.

Brevet er å finne nederst på denne nettsida, under Bygdarådet og uttaler.