Uttale revisjon konsesjonsvilkår, Eksingedalsvassdraget

Av Frøydis tor 30.05.2019 - 23:23

Nye konsesjonsvilkår for

Eksingedalsvassdraget/

Evanger kraftverk

 

Uttale frå Eksingedalen Bygdaråd mai 2019

 

Nye konsesjonsvilkår for Eksingedalsvassdraget

Konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget / Evanger kraftverk frå 1966 skal no, etter vel 50 år, bli reviderte og fornya.

Dette kan gje vesentlege delar av vassdraget eit synbart og tydeleg miljø-løft.

Det er etter Eksingedalen Bygdaråd sitt syn nødvendig å dele vårt innspel i tre punkt:

  1. Viktige miljøtiltak gjennom nye konsesjonsvilkår.
  2. Gjennomgang av forhold som gjeld konsesjonen frå 1966, med tillegg av seinare lover, forskrifter og reglar – for å sortera ut kva som gjeld no og kva som eventuelt høyrer inn under nye vilkår.
  3. Plassering av ansvar for å følgja opp ansvaret i punkt 1. og 2. ovanfor, noko som er ekstra nødvendig ut frå erfaring – særleg frå dei siste 20 åra.

 

1. Miljøtiltak i nye vilkår

Eksingedalsvassdraget er stort. Elva Ekso er over 45 kilometer lang frå sjøen og opp til Gullbrå med Grøndalsdammen, og med Norddalselva opp til Askjelldalsdammen.

Det som er det spesielle med vassdraget og Ekso, er at vegen gjennom dalen ligg tett opptil elva. På lange strekningar er det berre 5-20 meter frå veg til elv.

Det sterkt regulerte vassdraget, med den lange elva Ekso som det mest synlege, er prega av at svært mykje av vatnet er ført vekk frå Ekso og Eksingedalen.

Heilt oppe under dei store magasina er elveleiet heilt tørt. Nedover den lange Eksingedalen kjem ei rekkje sideelvar til. Sjølv med dette tilskotet av vatn, er vassføringa betydeleg redusert også nedover dalen etter reguleringa. I det følgjande har vi teke med sentrale emne som kan betra miljøet og til og med redusera venta og uventa konsekvensar av den store kraftproduksjonen som Eksingedalsvassdraget bidreg med til samfunnet.

 

1.1. Miljøtiltak i nye vilkår – Minstevassføring

Minstevassføring er eit vanskeleg tema. Det krevst ein balansegang mellom kostnadene i energimengde og pengar på den eine sida, og naturoppleving og vassdragsmiljø på den andre sida.

Omhandlande minstevassføring legg vi vekt på det visuelle – naturopplevinga – men tek ikkje med det som gjeld sterkt fagleg prega naturbiologiske forhold. Det sistnemnde er ei sida av saka der det må fagkompetanse til for å gje eit komplett bilete.

Det er ikkje noko form for minstevassføring frå dei store damanlegga Askjelldalen og Grøndalen no. Dette set  sitt openberre preg på elva gjennom dalen frå Gullbrå, til Ekse og vidare til Trefall-brua, der elveleier møtest i Ekso. Det same gjeld Norddalselva frå Askjelldalen og ned til Trefall-brua.

Vidare er strekninga frå Trefallsbrua til Trefall og vidare til Brakestad prega av svært låg vassføring i tørre periodar.

Først når vi kjem til Nesheim gjev sideelvane til Ekso såpass tilskot til vassføringa at det hjelper godt på. Unntaket her er at Bergo-fossen og Fossfossen i dei aller tørraste periodane har altfor lita vassføring til å oppretthalde eit visuelt godt fossefall.

Ut frå det visuelle kan dermed minstevassføring gjera mest av seg og gje størst utslag på strekninga frå dei to store kraftmagasina og ned til og med Fossfossen.

Frå Fossfossen til Nesevatnet (inntaket for Myster Kraftverk) vil minstevassføring ha mindre å seie for det visuelle – på grunn av tilsig frå sideelvar på begge sider av Ekso.

For oss som bur i dalen og følgjer elva gjennom heile året, er minstevassføring ekstra viktig i tørre periodar, mest konsentrert om juni, juli, august og september i år med «vanleg nedbør».

Ei av sideelvene til Ekso endar i fossen Kvitstakken på Brakestad. Grovt rekna er halve vassføringa i denne fossen borte – då vatnet høgare oppe går inn i tunnell-systemet til Evanger kraftverk. Også her vil det vera aktuelt å vurdera minstevassføring i sommarsesongen, i månadene juni,  juli, august og september.

Synspunkta våre om verknaden av minstevassføring har nok den føresetnad at ein til ein viss grad er lokalkjend, så her kan vi samanfatta på ein annan måte også for å tydeleggjera:

Det er den 14-15 kilometer lange strekninga frå Gullbrå/Askjelldalen og ned til Fossfossen som vil ha mest synleg nytta av minstevassføring. Frå Fossfossen og nedover til Nesevatn som er ein lengre strekning, vil verknaden av minstevassføring gjera lite av seg. Den aktuelle perioden for minstevassføring er juni, juli, august og september.

Alle 4 mini- og småkraftverka som har fått utbyggingsløyve i Eksingedalen etter dei tidlege 1990-åra, er pålagd minstevassføring heile året. Om det blir pålagt minstevassføring fire månader i året for Ekso, bør dette også gjelde alle småkraftverk som er plassert i sideelver til Ekso.

 

1.2. Miljøtiltak i nye vilkår – Innsnevring av elveløp

Med dei store vassmengdene som er teke vekk frå Ekso, vil minstevassføring ikkje vera nok til å gjenskapa ei visuelt levande elv. Eit tiltak som kan hjelpa på flate og stille parti,  er at elveløpet kan snevrast inn for å få meir «synleg» fart på gjennomstrøyminga. Dette krev utgreiing og planlegging.

 

1.3. Miljøtiltak i nye vilkår – fiskeforvaltning

I konsesjonsvilkåra som Stortinget la til grunn i 1966, var det også ei rekkje tiltak for fisk og fisket i vassdraget, presisert i enkeltpunkt. Fram til om lag 1990 vart det sett ut litt yngel i fjellvatn, serleg Askjelldalsvatnet. Ikkje noko vart gjort i elva nedanfor dammane. Det var lokalsamfunnet i Eksingedalen, med fagleg støtte frå Universitetet i Bergen, som tok initiativ til det som skulle bli starten på skikkeleg fiskeforvaltning i det regulerte vassdraget.

I 2012 vart forvaltningsplanen sterkt fornya, då lokale krefter med Ekso Villfisk og Eksingedalen Bygdaråd i spissen, laga ein omfattande fiskeforvaltningsplan, med vekt på fluefiske på strekninga Lavik-Flatekval.

Forvaltningsplanen vart i 2012 formelt godkjent av Hordaland fylkeskommune.

Det vert utført om lag 2.000 dugnadstimar i året no, for å ta vare på vekstvilkåra for fisken, mellom anna å leggje til rette for fritidsfiske, og få balanse i dei naturlege vilkåra for fisken.

Gjennom drøftingar og forhandlingar, har BKK frå 2011 gjeve støtte til arbeidet med fiskeforvaltning frå Nese og heilt opp til fjellvatna. Men i 2018 sa kraftselskapet opp avtalen om fiskeforvaltning, grunna med selskapet sin økonomi. I året 2018 har BKK Produksjon AS fått økonomisk rekord-resultat.

Ut frå konsesjonsvilkåra frå 1966, er det heilt tydeleg at regulanten skulle ha ansvar for fiskeforvaltning i Ekso.  Dette ansvar må presiserast tydeleg – dette skal ikkje vere ei sak som lokalsamfunnet åleine må driva fram. Dugnadsarbeidet som er gjort for å fremja fisket i Ekso – for det meste fluefiske – har ført til at Ekso er anerkjent som beste brunaure-elv på Vestlandet, arbeidet er på nasjonalt plan tildelt Gullkroken, og eldsjelene bak arbeidet for fiskeforvaltninga har fått Vaksdal kommune sin Kulturpris.

 

1.4. Miljøtiltak i nye vilkår – tilgroing

Tilgroing i vassdraget er eit velkjent problem, og er godt dokumentert frå tidleg i 1990-åra og opp til no. Både NVE, Fylkesmannen, Eksingedalen Bygdaråd, Vaksdal kommune og biologi-fagmiljø har vore delaktige partar i saka.

Det er stor semje om at tilgroing i vassdraget er sterkt knytt til reguleringa, denne blir også støtta av NVE si miljøavdeling.

Den mest relevante fag-rapporten om temaet tilgroing er NIVA-rapport 0-90136 med prosjektleiar Tor Erik Brandrud. «Tilgroing med vannvegetasjon i terskelbasseng i Eksingedalselva, Hallingdalselva og Skjoma. Omfang, årsak og tiltak». Rapporten er omfattande, men problemstillinga for Ekso er i særleg grad omtala på rapportsidene 26-29.

Her heiter det m.a.: «Regulering og terskelbygging synes entydig å være årsaken til den kraftige planteveksten omkring Lavik og enkelte andre steder i vassdraget».

Det som gir denne rapporten svært høg grad av tillit og tyngde, er at han samanliknar Eksingedalsvadsdraget med Hallingdalselva og Skjoma (og Otra) som har dei same problema.

Eksingedalen Bygdaråd ser det ikkje nødvendig no å gå nærare inn på årsak og tiltak. Vi vil berre understreka den fulle tilliten vi har til NVE/Miljøavdelinga si vurdering av saka, og til NVE sine klare uttaler og pålegg til BKK om å gjera tiltak og årleg følgja opp problemstillinga mellom anna gjennom å visa problemet betydeleg merksemd også gjennom m.a. årleg internkontroll som kraftselskapet er pålagt.

I nye konsesjonsvilkår går vi ut frå at tilstrekkeleg ansvar vert pålagt regulanten på ein slik måte at det ikkje skal vera opp til lokalsamfunnet i Eksingedalen å få BKK på bana.

 

1.5. Miljøtiltak i nye vilkår – vekst langs elvebreidda

Elva nedover Eksingedalen får tilført vesentlege næringsstoff frå elvebreidda, som har god, aktiv og frodig vegetasjon. Elvebreidda til Ekso er altså ein viktig del av tilstanden i vassdraget.

Dette er bakgrunnen for at det ikkje er høve verken for grunneigarar eller andre å fjerna kantvegetasjonen.  Kva som skal reknast som kantvegetasjon er ikkje presis fastsett, men gjennom munnlege utsegner frå NVE sine fagfolk kan breidde på 15-25 meter frå elva vera eit godt utgangspunkt.

For å tilfredsstilla synspunkt og krav frå NVE og Fylkesmannen si miljøavdeling, vil det vera behov for ein plan for korleis vegetasjonen langs elvebreidda skal haldast i balansert sjakk.

Det er fleire omsyn å ta: Kravet til ein viss grad av vegetasjon ved elvebreidda, og ynskje om å kunne sjå og visa fram flotte og av og til fantastiske delar av elva når vassføringa oppover dalen er god.  Fylkesmannen i Hordaland har gjeve tilskot til eit prøveprosjekt for få år sidan, nemleg hogging av tre og busker mellom fylkesvegen og Fossfossen. Det vart gjennom søknad og tilskot frå Fylkesmannen lagt vekt på verdien av naturoppleving, også med fokus på reiselivet.

Resultatet vart ei imponerande «utpakking» av ein av dei flottaste fossane her. Men mangel på plan for slikt arbeid førte med seg usikkerheit lokalt om kor langt ein skulle gå, på ein skala for lettare uttynning til å fjerna vegetasjonen i større skala.

Ekso, rekna frå Gullbrå og heile dalen nedover, har 14 fossar etter den definisjonen som NVE brukar for kva som er ein foss. Mange av fossane er tildekt av vegetasjon og knapt synlege frå vegen som går langs elva.

I eit så sterkt regulert vassdrag som Ekso er ein del av, er det av betydning at regulanten får pålegg om å utarbeida ein godkjent (frå NVE og Fylkesmannen) plan for kantrydding, og at BKK har eit sterkt medansvar for å bidra til forsvarleg  forvaltning og balansegang her.

 

1.6. Miljøtiltak i nye vilkår – tilrettelegging av turområder / utsiktsplassar

Dette punktet må sjåast i samanheng med punkt 1.5. Som nemnt har Ekso 14 fossar. Ein del av dei er svært synlege, som fossane på Vetlejord, Flatekval og vidare Fossfossen og Bergofossen som dei største.

For å ta vare på og visa fram dei kvalitetane vasssdraget faktisk har også etter reguleringa, ligg det godt til rettes for at det kan byggjast utsiktsplassar og rasteplassar på utvalde stader i Eksingedalen – gjerne spesielt knytta til fossane som er nemnde.

Dette er fine miljøtiltak som etter dagens syn ville vore naturleg del av både landskapsvern og landskapspleie i samband med moderniserte konsesjonsvilkår.

Det vil vera mogeleg å inkorporere dette i ein plan for pleie av kantvegetasjon.  Det er gode, kompetente firma som kan stå for utarbeiding av denne typen planar der denne typen miljøtiltak og naturoppleving kan gå hand i hand.

Utgreiinga «Levande fosselandskap – Områdeplan for Eksingedalen» frå 2003, inneheld ein del tips om korleis ein kan tilretteleggja for å betra naturopplevinga i Eksingedalen – også med å by på betre presentasjon av naturperlene vi trass alt har i dalen.

 

1.7. Miljøtiltak i nye vilkår – bruer for bønder og turfolk

I samband med konsesjonen frå 1966 og konsekvensen av vassdragsreguleringa, vart det bygd nokre bruer over Ekso, til hjelp for jordbruket i Eksingedalen.

Dei erfaringane ein har hatt sidan bruene kom, kan gjera det aktuelt med ei tilleggsvurdering no:

  • På Ekse er det bru over elva. Denne er privat finansiert, og burde kome i same kategori som andre bruer.
  • På Nesheim er det behov for bru for tilkomst til beiteområde.
  • På Bindingsbø og Fosse nyttar ein delvis terskel og lågaste vassføring for å koma seg over til dyrkingsområda på «bortomsida» av elva. Det gjeld både for transport av sau til sommarbeite, gjødsling av dyrka område, og transport av avling/rundballar tilbake til gardane.
  • På Bergo vert sauer transportert i båt til og frå sommarbeita. Her er tilgroing i Bergovatnet eit betydeleg problem for båttransporten. For at forholda for transporten skulle vera optimale, burde klipping av vekstane som kjem opp av vatnet her skje så ofte som brukarane av vatnet er tenleg.  Eit reelt og godt alternativ kan vera å byggja bru over elva den ho er serleg smal ved Munkasundet.  Ei  bru her kan nyttast til flytting av sauer, og også løysa ut det gode potensialet for skogsdrift på «bortomsida» av elva. I tillegg kan ei bru over Munkasundet også gje betre turmuligheiter til dømes mellom Bergo og Nesheim og opp til Bergo-stølen
  • På Høvik er der ofte rask endring i vassføring grunna  Myster kraftverk, dette gjev uforutsigbar og usikker moglegheit for kryssing av elva. Her ville også ei bru vore avhjelpande for å krysse elva og få tilgong til dyrka mark på andre sida.

Aller desse bruene vil også gi betra tilgong til  turterreng og fiskeplassar. Vi finn det naturleg at det vert ei vurdering av behovet for bruer i samband med arbeidet med nye konsesjonsvilkår.

 

2.Gjennomgang av no-situasjonen

Det er sterkt ynskjeleg at det i samband med prosessen for nye konsesjonsvilkår vert sett i verk ein gjennomgang av no-situasjonen på ein del konkrete emne nemnt nedanfor her.  Målet her må vera å sortera ut kva som høyrer inn under dagens gjeldande konsesjon frå 1966, utbyggingsløyver som BKK seinare har fått, og meir generelle krav som gjeld vassdragsforvaltninga etter nyare lover og reglar. Deretter kan vi meir sikkert vita kva som er aktuelt å ta inn under nye vilkår.

Her kan vi til dømes rekna:

 

2.1. Gjennomgang av no-situasjonen - slam

Anleggsverksemda med bygging av tunnellar og dammar har ført med seg mykje slam, mest ned i Trefallsvatnet. Det er til no ikkje gjort spesielle tiltak for å kompensera for dette.

 

2.2. Gjennomgang av no-situasjonen – uønska fiskeslag

Då Skjerjevatnet i en del år hadde tapping mot Askjelldalsvatnet, følgte også røye med. Denne fisken vart sett ut i Skjerjavatnet på 50-talet. Det er ein djupvassfisk, og denne vart ikkje naturleg spreidd til  Askjellsdalsvatnet før regulering, då det på den tid kun var naturleg utløp med elv (overflate).  Denne fiskearten er uønska i både Askjelldalsvatnet og resten av Eksingedalsvassdraget. Det er ikkje frå regulantens side sett inn tiltak – som faktisk er mogeleg – for å begrense røyebestanden. Tiltak er nøye skildra av Universitetet i Bergen v Tore Wiers.

 

2.3.Gjennogang av no-situasjonen – samfunnshus

I vilkåra som Stortinget la til grunn då konsesjonen vart gjeven i 1966, er det også pålegg til regulanten om å bidra til samfunnshus (etter fleire modellar). Riktignok har BKK gjeve små bidrag etter søknad til til dømes Ljosheim. Men det finst ikkje gode spor av at dette er knytt til oppfylling av konsesjonsvilkåra.

 

2.4. Gjennomgang av no-situasjonen – fond

Alt i alt meiner vi det er opptil fem ulike fond som er oppretta i samband med konsesjonen frå 1966 og for seinare tilleggsreguleringar. BKK betalar inn til Vaksdal kommune for disse fonda, som gjeld tiltak for jordbruk, jakt og fiske.

Etter det vi veit er det ikkje eit einaste av desse fonda som vert annonsert eller kunngjort årleg med til dømes søknadsfrist og andre opplysningar. Kommunen sin disponering av fonda, med eventuelle tildelingar i tråd med det som var meininga med dei enkelte fonda, er det vanskeleg å få innsyn i. Dermed vert vi usikre på om fonda kjem til slik bruk som dei var tenkt til.

Det er BKK som er pålagt å betala inn til fonda, i samband med konsesjon og andre løyver BKK har fått i vassdraget. Det er naturleg at dei som er pålagt å betala til spesifikke tiltak som dette, også har ei plikt til å framskaffa og dela kunnskap om den vidare bruken av pengane. Etter opplysningar frå BKK er fonda det gjeld:

  • Næringsfond (40% av 194.088 nat.hk): 316.980 kr/år
  • Fiske/jaktfond (25% til Vaksdal): 15.180 kr/år
  • Annet fiske/jaktfond (25% til Vaksdal): 20.240 kr/år
  • Myster fiske/jaktfond (100% til Vaksdal): 31.513 kr/år
  • Nygard/Åsebotn kraftverk (50% til Vaksdal): 33.210 kr/år

Dette er tal og beløp frå 2011-utbetalingane. Beløpa vert  vanlegvis justerte kvart femte år. Vi må rekna med at beløpet som primært er sprunge ut av konsesjonen og tilleggsløyver for Eksingedalsvassdraget samla no er rundt ein halv million i året – pluss avkastning av eventuelle grunnbeløp i fondsmidlane.

Det er ynskjeleg er at BKK ser til at pengane vert brukt til formålet, og gjer dette gjennom å følgja opp også kommunen si fordelingsoppgåve. Om vi samanliknar fondstemaet med andre kommunar, så kan Masfjorden vera eit reelt døme. På nettsidene til denne kommunen vert det gjeve samla oversyn over fonda kommunen har av denne typen, med tema, kriterier for å søkja og søknadsfrist.

Det bør sytast for at fondsmidlar kjem attende til nyttige formål i dei områda som blir affisert av utbygginga. Ein gjennomgang av fonda kan vere naturleg å ta med i ein konsesjonsrevisjon. Fondsvilkår bør moderniserast slik at dei vert tilpassa og justert etter dagens situasjon.

 

2.5. Gjennomgang av no-situasjonen – informasjon

I Eksingedalen bur det om lag 170 personar. Det er om lag 40 gårdsbruk her, riktignok med langt færre bønder då kvar aktiv bonde driv fleire gardsbruk, paktar jord eller har driftsavtaler for fråflytta bruk. Vel 60 sportsfiskarar har fått saman laget Ekso Fiskeforening.

Tilhøva som gjeld elva har betydning for mange av dei nemnde. Det gjeld tilgroing, tilvekst nær elva, periodiske reguleringsforhold, mogeleg anleggsarbeid med meir.

På den andre sida har BKK som regulant eit klart ansvar for vassdraget og utviklinga her. Dette er mellom anna fastsett gjennom krav til BKK som t.d. internkontroll, mogelege flaumskader, tilsyn med tersklar, og etter konsesjonsvilkåra frå 1966 om å plikt til å tilse «fiskens fremkommelighet».

For folket i dalen er det spesielt at ein  høyrer lite om korleis BKK forvaltar regulanten sitt ansvar. Mangelen på informasjon no og då skapar usikkerheit, og fører til at det er bygdefolket sjølv som i sak etter sak må søkja all informasjon, og ta initiativ anten det no gjeld fiskeforvaltning eller tilgroing.

Det er all grunn til å reisa spørsmålet også her om det er bygdefolket som skal vera vaktmeistar for vassdraget med meldeplikt, eller om kraftselskapet sjølv vil spela ei meir aktiv rolle i miljøforvaltninga  enn dei har gjort dei siste tiåra.

BKK er ikkje underlagt lovene om openheit i forvaltninga, då det ikkje er eit offentleg selskap i denne samanheng. Men likevel er vel ikkje selskapet friteke for ei viss grad av informasjonsplikt om kva dei måtte driva med.

Spørsmålet vi stiller oss – etter dagens reglar – er om BKK har noko som helst plikt til å informera om eventuelle tiltak i vårt nærmiljø. Dersom det ikkje er tilfelle, så bør det etter vårt syn vera ei plikt i framtidige nye vilkår.

 

3. Plassering av ansvar

Ei svært tung vassdragsregulering som vi har her hjå oss, har sjølvsagt konsekvensar, både dei ein såg i 1966 og dei som er komne til etterpå. Då konsesjonen vart gjeven av Stortinget, vart det mellom anna lagt vekt på å leggja til rettes for fisken/fisket i vassdraget, innbefatta aure oppe i vassdraget og i fjellvatn, og laks heilt nederst i vassdraget.

I løpet av desse vel 50 åra er det mykje som har endra seg, både tiltak for fisk/fisket, tilgroing i elva, konsekvensen av manglande utvasking av elva gjennom dei store vårflaumane, mogelege endra isforhold på vinteren, pluss andre mindre forhold.

Særleg dei vel siste 20 åra er det kome til lover og reglar som gjeld miljøtilsyn i vassdraget, og krav om tilhøyrande internkontroll som regulanten BKK skal følgja.

Det som er det heilt spesielle, er at det fram til i dag ikkje har kome tilstrekkelege initiativ frå kraftselskapet si side til å følgja opp konsesjonsvilkår og seinare lover og reglar.

Det er faktisk lokalsamfunnet i Eksingedalen som må ta sakene opp med BKK. Til dømes:

  • Tilgroing i vassdraget (krypsiv/flotgras) var det Eksingedalen Bygdaråd som måtte ta opp med BKK og NVE ved Miljøavdelingen i 2011. Kommentaren frå BKK i møte mellom NVE, BKK, Eksingedalen Bygdaråd og Ekso Villfisk/sportsfiskarane var at BKK-representant hadde sett at vassdraget grodde til, men venta på at nokon skulle ta opp saka. Saka endte med at NVE reiste tilsynssak mot BKK.
  • Også langs elvebreidda til den vel 40 km lange Ekso tettar vegetasjonen seg til, og er eit stengsel for utsyn til elva. Etter reglane som NVE forvaltar, er det ikkje fritt fram for grunneigarane til å hogga ned og rydda skogen inntil elva. Dette kan nemleg forstyrra/endra næringsinnhaldet i elva. Det må lagast plan for «tilvekst-forvaltninga» der Fylkesmannen og NVE skal gje godkjenning. Heller ikkje her gjer BKK noko verken med planarbeid eller andre tiltak.

Først i april 2019 har det blitt oppretta eit fagråd for Ekso på initiativ frå BKK, for å sjå på tiltak for å betre forhold knytt til elva.

Det som er det viktige både for lokalsamfunnet og miljøforvaltninga i Eksingedalen no, ved fornying av konsesjonsvilkåra for vassdraget, er at det vert fastslege og presisert at det er kraftselskapet sjølv som må ha ansvar for nødvendige miljøtiltak, både ved å ta initiativ og å sørgja for gjennomføring.

Då Stortinget i 1966 gav BKK løyve til å byggja ut Eksingedalsvassdraget var det nok ikkje meininga at det var bygdefolket som nærast skulle få plikt til å bidra med stor dugnads- og vaktmeisterinnsats for å ta vare på miljøet i og rundt vassdraget.

Difor er det for oss naturleg at nye konsesjonsvilkår plasserer ansvaret for alle nødvendige miljøtiltak hjå regulanten – klart og tydeleg.

 

 

For Eksingedalen Bygdaråd 19. mai 2019

 

……………………………………………..                              …………………………………………….         

Magnar Nese                                                                   Frøydis Gullbrå

 

 

Kontaktadresse:

Frøydis Gullbrå

Eksingedalsvegen 3511

5728 Eidslandet

frogull@online.no / 90959808