Stølsgudsteneste på Trefallstølen

Av Magnar man 12.08.2019 - 19:55

Søndag 18. august er det planlagt stølsgudsteneste på Trefallstølen. Nesheim sokneråd inviterer til samling på stølsvollen kl. 12.00. Turen opp til stølen tek under 1 time, men dersom du vil ha god tid er det lurt å starta kl. 10.30. Då vil det vera folk på plass for å rettleia om stival. Starten på turen er ved brua i Røyrdalen, der DNT-stien til Selhamar startar. Hugs å ta med mat og drikke til kyrkjekaffien etter gudstenesta. Skulle det bli så dårleg vèr at det ikkje blir gudsteneste ute, held me til i kyrkja på Nesheim. Kontaktperson er Magnar Nese, tlf. 97588303. Det blir også lagt ut info på eksingedalen.no 

Nesheim sokneråd