Eksingedalen IL inviterer til Gygrakjeften Opp!

Av Liv Anne tir 03.09.2019 - 16:55
Gygra i Gygrakjeften. Foto: Solfrid Urke Nese

Laurdag 7.september er det klart for motbakkeløpet Gygrakjeften Opp for aller første gong. Løpet startar ved skulen på Bergo, går først eit par hundre meter på veg før det ber oppover den bratte stien til Mjelkeplassen. Målgang er på Mjelkeplassen, og ein kort avstikkar etterpå er nettopp Gygrakjeften. Her er det luftig og god utsikt. 

 

Løypeprofil Gygrakjeften Opp

Start kl 13, laurdag 7.september

Påmelding til anna.bergo@hotmail.com eller på Eksingedalen skule fram til kl 12 på løpsdagen.

Konkurranseklassar:

Dame junior 12-18 Dame senior 19-50 Dame veteran 51+

Herre junior 12-18 Herre senior 19 -50 Herre veteran 51+

Trimklassen er open for alle aldrar.

Pengepremiar i konkurranseklassane og premiar trekte på startnummer. 

Og hugs: I år vert det garantert løperekord også! 

Kafe og premieutdeling på skulen etter løpet.