Gygrakjeften Opp - Kort, hardt og kjekt

Av Frøydis lør 07.09.2019 - 22:24

Nytt motbakkeløp i Eksingedalen med mange kvaliteter. Folk såg ut til å kosa seg - i alle fall etter løpet var gjennomført.
Dette var også siste løp i motbakkecupen som har vore arrangert i år. 

I fint ver og med passe temperatur, låg forholda godt til rette for eit knall løp i dag. Før start kom der ein jamn straum med folk opp til skulen på Bergo for påmelding og for å få instruksjon om løypa. Eit heilt nytt løp krev både rekognosering og testing. Det var difor mange på stien opp lia også før start.
 

 

Sekretariatet registrert og gav gode råd

65 personer stilte til start, både med og utan tidtaking. Mange trimmarar hadde kome seg avgårde og der var fullt i målområdet når konkurranseløparane kom pesande oppover. Nokon tok seg meir ut enn andre òg måtte leggje seg nedpå litt for å ta seg innatt. Løypa var kort og intens, og det var ikkje lang tid det tok frå starten før det begynte å renne inn løparar ved mål på Mjelkeplassen. Aller kjappast opp var Fredrik Bjørnberg med tida 7.51 - noko som skal bli tøft å slå for andre som kjem etter. Raskaste dame var Nina Toskedal på 10.22. Der var også fleire sterke tider i junior-klassane, mellom andre Sander Tennebekk Vik med 8.27 og Vegard Gullbrå Tollefsen med 8.34. Sunniva Faugstad frå Stanghelle hadde sterk tid på 10.44.

Det tek på å ta bestetid. Ein liten pust i bakken for Fredrik Bjørnberg

Etter målgang var det tid for å rusle nedatt - etter ein tur bortom Gygra for dei som ville ha litt luftig utsikt. Ned bakkane kunne ein nyte utsikta og oppdage skilt som ikjke vart registrert i farten oppover. Nede att på skulen hadde ein arbeidssam komite laga kafè og litt mat og drikke kom godt med i ventetida på premieutdeling. Alle klassevinnarar fekk etterkvart premier, i tillegg til premiar trekt på startnummer. Det var mange blide fjes - og nokon reiste meir velhaldne heimatt enn andre.

Roleg i samla flokk nedatt - og tid til å sjå utsikta mot Bergo

Motbakkecup Vaksdal og Modalen

Dette løpet var også siste løp i motbakkecupen arrangert i år. 

Ein måtte ha deltatt på 3 av 4 arrangement for å telje i samandraget. Det vart jamnt både i herre og dame-klassen. Vinnar i herreklassen vart den spreke ungdommen Sander Tennebekk Vik med 74 poeng, og like bak kom Fredrik Bjørnberg med 71 og Helge Simmenes med 68. For damene tok Nina Toskedal ein solid seier med 80 poeng, før Frøydis Gullbrå med 78 og Ragnhild Korneliussen med 77.

I denne konkurransen vart det også trekt 2 Dale-gensarar på startnummer. Dei heldige som vann her var Fred Bjørnberg og Nina Toskedal

Denne cupen samla ein del folk til arrangementa- og det ser ut som mange har tatt utfordringa med å sjå andre delar av kommunen gjennom desse løpa. Det er kjekt å observera. Neste år håpar me det blir ny cup og nye moglegheiter.