Open kontordag - tilbod om hjelp til å søkje om regionalt miljøtilskot 2019

Av Liv Anne fre 27.09.2019 - 08:47

Vaksdal kommune held open kontordag på Eksingedalen skule torsdag 3. oktober, frå kl. 12:00 – kl. 17:00. Vèr merksam på at tidspunktet for oppstart er endra frå kl. 10:00 til kl. 12:00
Føremålet med kontordagen er å hjelpe føretak/gardbrukar med søknadsprosessen, spesielt i samband med teikning av tiltak i kart. Grunna endringar, er det ikkje mogeleg å overføre tiltak i kart frå i fjor, og alle tiltaka må difor teiknast på nytt. Dette kan kommunen hjelpe til med, om det trengs. 

Dersom de kjem på kontordagen, er det viktig å ha med seg innloggingsinformasjon til Altinn. Ta gjerne også med eigen PC, men vi har maskinar tilgjengeleg som de kan nytte.

Fylkesmannen i Vestland har utarbeidd god rettleiingsinformasjon om korleis de søkjer om RMP:  https://www.fylkesmannen.no/vestland/landbruk-og-mat/tilskot-innan-jordbruk-og-skogbruk/regionalt-miljoprogram/
 

Det vil vere nyttig å sjå gjennom rettleiinga før de byrjar å søkje. Prøv gjerne først å søkje heimanfrå, men dersom de har spørsmål eller treng hjelp, er de velkomne til open kontordag på skulen.

Kontaktperson: Tore Henrik Øye, tlf 91127337, E-post; tore.henrik.oye@vaksdal.kommune.no