Lam i karri og levande musikk i trivelege Ljosheim

Av Liv Anne søn 10.11.2019 - 19:52
Baljelauget: Svein Prestegard, Tor Helge Opdahl, Olav Unneland og Arne Anderdal

Laurdag inviterte Husastyret for Ljosheim til fest i det gamle, erverdige grendahuset. Det byrja med karri-krydra lammegryte og ei triveleg matstund. Praten gjekk lett rundt borda. Frammøtet var bra, sjølv om det klart hadde vore plass til fleire ein slik kveld. 

Baljelauget heldt forventningane! Det var konsert og etterkvart høve til dans. Det var humor, sjølvskrivne viser, tøffe arrangement med baljebass og hardingfele, gitar og trommer. Visene var melankolske, melodiøse og fleire i bluestonar. Orkesteret meistra godt sine ulike instrument, og til og med hus-trøorgelet i Ljosheim fekk ta del i konserten. 

Musikarane fekk fram godt humør, latter og danselyst - og vart hjarteleg ynskt attende til Eksingedalen. 

Og at bygdefolk og andre set pris på ein festleg laurdagskveld saman, det er sikkert!

Kvinnestyret kan absolutt vera godt nøgde med den første festen sin: Britt Eide, Sigrid Tyssen, Evelyn Gullbrå, Aud Marit B Bergo, Hege Marie Lavik og Anna Bergo