Besøk på Evanger kraftverk

Av Frøydis fre 15.11.2019 - 14:29
Utsmykka krafthall 1500 meter inni fjellet

Nær 30 eksingedøler fekk idag omvising ved Evanger kraftverk. Her fekk me høyre historia om kraftutbygginga i området vårt, og sjå korleis vatnet frå Eksingedalsvassdraget vert omgjort til nye ressursar gjennom straumproduksjon.

Magnar Oppedal frå BKK fortalte engasjert om kraftstasjon og utbygging. Utbygginga av Evanger kraftverk starta i 1963, og gjekk over 25 år. Dette er største kraftverket til BKK, og det produserer nok straum til å forsyne 70.000 husstander årleg. Der er i nedfallsområdet bygd 6 store dammar og mange mindre. For å få vatn frå dei ulike magasina til kraftstasjonen - er der bygd ein vasstunnell som er nær 35 km lang - det var i si tid verdens lengste vasstunnell! Den strekkjer seg frå Askjelldalsvatnet til kraftstasjonen på Evanger. For å kome rundt og utføre utbygging har det også blitt bygd 58 km med anleggsveg. 

Magnar Oppedal klar til å fortelje

Besøket på kraftstasjonen kom i stand gjennom eit samarbeid mellom Øvre Eksingedalen grunneigarlag og BKK. I tillegg til informasjon om utbygging og anlegg ( både historisk og rehabilitering) fekk me sjå film frå utbygging, me fekk kaffi og god lunsj, og til slutt omvising i kraftstasjonen. Det var forøvrig ei oppleving i seg sjølv. Stasjonshallen er særs flott utsmykka av grafikar Reidar Johan Berle. Dette er sannsynlegvis den mest utsmykka krafthallen i landet.