Boka er komme!

Av Liv Anne ons 20.11.2019 - 18:05

Onsdag 27.november er det bokslepp i Grendahuset Ljosheim. Frå klokka 18.30 vert det rikeleg av smakprøvar å få. Så snart fjøsstellet er ferdig, om lag kl 19, vert det bokslepp.

Hendinga er så kjekk at den einaste statsbudeia i landet, Bodil Irene Gunnarsdotter Nordjorde frå Vinje i Telemark, besøkjer oss på boksleppet. Ho har mykje på hjarta og vil fortelja om kor viktig tradisjonsarbeid er.

Toradartausene Kristin og Marte syter for musikk og god stemning.

 

Dei fleste av oss ber med oss matminne frå barndom og oppvekst gjennom heile livet. Mat er så mykje meir enn berre næring. Mat er kjensler og opplevingar, mat er gode minne, omsorg, lukter og smakar.

Eksingedalen har sterke mattradisjonar, og desse er det viktig å ta vare på. Mykje av dette har vore i ferd med å gå i gløymeboka. Ein del av oppskriftene er ikkje skrive ned tidlegare, dei fanst berre som handboren kunnskap. Boka er blitt til i eit tett samarbeid mellom Kvinne- og familielaget og bygda. Prosjektet har skapt stor entusiasme i Eksingedalen, både når det gjeld innsamling og utprøving av oppskrifter og i form av økonomiske bidrag for å realisere boka.