Nytt høvet til å kjøpa lokal jolegåve!

Av Liv Anne tor 05.12.2019 - 15:02
Alle foto: Mari Ekkje

Kvinne- og familielaget melder om ein knallstart på boksalet. Nær 200 bøker vart seldt på boksleppet - og på ei veke er 500 bøker gått ut frå lageret. Førjolstilstellingar er besøkt; Stamnes, Mo og Bolstad, og mange pakker med bøker er sendt i posten. Ein del av bøkene er også leverte til butikkar og bokhandlar rundt omkring. 

Her er oversikt over stader som sel boka:

Eksingedalen Snarkjøp

Coop Modalen, på Mo

Stamnes Handel

Evanger Landhandleri

Vossevangen Norli

Ark Amfi Voss

Petersens Handleri på Dale 

Norli Knarvik

Boka kan også bestillast frå boknemnda, porto kjem då i tillegg. 

To av damene i nemnda vert å treffa hjå Norli i Knarvik på boksignering 12.desember frå klokka 18.