God Jul frå Eksingedalen

Av Frøydis tir 24.12.2019 - 17:15

Når jula nærmar seg, tek soknerådet initiativ og inviterer interesserte til julekor. Det blir èi øving med organisten som sjef - og så kort gjennomføring før julegudstenesta. Så er det klart for framføring.

Slik er det råd å få litt variasjon og liv til denne gudstenesta, sjølv om her ikkje er kor på fast basis. I år stilte også to yngre jenter opp og song eit eige nummer - veldig stemningsfullt.

 

Julekor Eksingedalen kyrkje 24.des 2019