Saman blir me sterke

Av Magnar fre 24.01.2020 - 09:59
Runde to av styrketreninga er i gang

Etter at Anna hadde styrt oss trygt gjennom oppvarming og sirkeltrening, vart volleyballnettet spent opp. Fokus for kvelden var mottak, opplegg og avslutning. Og sjølvsagt å vinna. 

Mange blide fjes var å sjå i gymsalen då me avslutta for kvelden. Og med den innsatsen som vart lagt ned var det garantert litt gangsperre dagane etterpå. Forhåpentlegvis sat smilet framleis på plass.