Mykje moro og mykje aktivitet

Av Frøydis søn 02.02.2020 - 09:00

Idrettslaget har også i året som har gått laga til og motivert for mykje god aktivitet i dalen. Dette kom fram under årsmøtet for laget på laurdag 1 febr.

Medlemmer som har fått krus og diplom for deltaking på fjelltrim

Nytt arrangement i år var Gygrakjeften Opp – eit kort og populært motbakkeløp som passa både trimmarar, mosjonistar og dei aller sprekaste.

65 personar deltok i år –og det ser ut for at det kan bli nytt løp og nye moglegheiter september 2020.

Målgang ved 1. versjon av Gygrakjeften Opp, sept 2019

Laget har 4 undergrupper ( tur, ski og friidrett) , og det er turgruppa som klarer mobilisere flest. Fjelltrimmen, med postar på 12 stølar og 3 fjelltoppar er særs populær. Det er stadig fleire som klarer trofeet (krus), for å klare alle postane på ein sesong.  I år vart det også ny nedre aldersrekord for å få krus – Guro på eitt år har vore rundt på alle postane. Det ryktast at ryggen til mor har vore til god hjelp, men rundt på alle postar har ho vore! Det har vore auke i besøk på postane i år samanlikna med i fjor – og mange utanbygds er også med – kjekt!

Felles-turane til turgruppa samlar også mange til trim og samvær.

Aktive ungar under skulealder får småtrolldiplom for deltaking på fjelltrim

Frå årsmeldinga til turgruppa kan me lesa:

«Turgruppa kan melda om eit aktivt år med 14 oppsette turar, der det aller meste vart gjennomført etter oppsett program. Turgruppa har gjennomført to skiturar, ni onsdagsturar, «Kom deg ut dag” i skiløypa på Nesheim og ein søndagstur frå Vinningsleitet til Ekse. Som tidlegare har turgruppa hatt ansvar for bøker på 15 fjelltrimpostar. Deltakinga er god – med 55 fleire namn enn sist år.

Frå Fjelltrimmen sine bøker for sesongen 2019: Det er notert 2 787 namn, mot 2 732 namn i 2018. 75 av medlemmane i Eksingedalen IL har registrert seg i bøkene, i tillegg mange andre namn. Mest besøkt i år også er Kultatoppen, med 394 noteringar, deretter kjem Brakestadstølen med 337.

Krusa og premie til dei med flest poeng vert delt ut på årsmøtet til idrettslaget. Haugastølen er motivet på kruset for Fjelltrimmen 2019, og for å greia kruset må ein ha namnet sitt i alle bøkene. Heile 27 medlemmar har greidd dei 15 postane og får kruset. Kruset er det tiande i serien, og 9 trimmarar har alle krusa til no. For første gong er det ein krusvinnar som har vore på alle postane ved å sitja på ryggen til mor! Kjekt er det òg at nye krusvinnarar kjem til kvart år!»

Guro nyleg fylt to år - har besøkt alle fjelltrimpostar i 2019 - godt hjulpe av mor Gøril Neshiem

Skigruppa har halde på same arrangement som tidlegare, og deltakinga har  vore stabil. Også ein del deltakarar utafor dalen har delteke på skirenn. Når det er vèr- og snøforhold til det, blir det laga løype på Nesheim, som alle kan nytte kortid som helst. På årsmøte vart det delt ut skimerke til tre spreke ungar frå Nesheim – som har nytta løypa og registrert kilometer. Magnar Nese har vore leiar for skigruppa «i alle år» - og står framleis på – han var ikkje på val i år.

Magnar Nese deler ut skimerke til spreke ungar frå Nesheim

Friidrettsgruppa har også ein stabil og trufast leiar – Elisabeth Holth. Ho syter for at det blir lagt til rette for å ta idrettsmerke årleg. I 2019 var det 6 personar som samlast for å teste ulike ferdigheiter – og alle klarte krava til merket. Fleire blir oppfordra til å vere med i eit nytt år – Elisabeth vil følgje opp og sørge for invitasjon.

 

Etter årsmøte og val, har Eksingedalen Idrettslag følgjande styre:

Anna Bergo (leiar)

Magnar Nese

Aud Marit Bergo

Anita Gullbrå

Sveinung Tyssen Bergo

 

Turgruppa: Liv Anne Bergo, Aud Marit Bergo, Jomar Flatekval)

Skigruppa: Magnar Nese, Olav Gullbrå, Ivar Bergo

Friidrettskontakt: Elisabeth Holth