Eksingedalen treng lærar!

Av Liv Anne man 02.03.2020 - 15:27

Vil du prøva deg som lærar i Eksingedalen?

Frå ca 1.mai er det ledig vikariat ut året, omlag 100 % - og frå hausten er det også ledige stillingar! 

Eksingedalen skule er ein fådelt barne - og ungdomsskule. Dette skuleåret er det åtte elevar på skulen, til neste år aukar talet til ti. Skulen har tradisjon for praktisk og tverrfagleg arbeid på alle årstrinn, eit godt læringsmiljø og godt samhald. 

Stillinga er m.a. å finna på Vaksdal kommune si nettside og søkjarportal: https://vaksdal.easycruit.com/ 

Rektor kan også kontaktast direkte: Liv Anne Bergo 976 53 458