To skirenn på ei helg - mange vinnarar!

Av Liv Anne søn 08.03.2020 - 18:58

 

Nydelege løyper i skianlegget på Nesheim, laurdag var det Vaksdalsmeisterskap - søndag lagsmeisterskap. 28 stilte til start på Vaksdalmeisterskapet, søndag var det 6 deltakarar.

Skigleda var stor, alle var vinnarar og mange Vaksdalsmeistrar! 

 

Resultatlister er å finna under Eksingedalen IL si fane nedst på denne sida. 

Mot alle odds stilte seks hardhausar til start i lagsmeisterskapet. Regnkle og sydvest var dei sikraste klesplagga. Uansett, kjekt å få pokal, syns dei fire vinnarane i dei fire yngste klassane. 

Guro, Heidi, Kasper og Signe som lagsmeistrar