AVLYST TEMAKVELD PÅ SKULEN

Av Liv Anne ons 11.03.2020 - 15:00

Salen var pynta, borda var dekka, kaker stod i omnen og programmet var klart. Så kom beskjeden om nye kommunale retningslinjer i høve lokale arrangement. Vaksdal kommune tilrår å avlysa alle arrangement med meir enn 25 -30 personar samla. 

Elevar og lærarar vart fortvila, og håpar programmet kan haldast seinare i vår. 

Uansett, det er viktig å vera førebyggjande for å unngå mange sjuke av korona.