Unntakstilstand i heile landet: Ta vare på kvarandre

Av Liv Anne tor 12.03.2020 - 18:54

Frå i morgon stengjer alle skular og barnehagar i landet. Dette gjeld til og med 27.mars. 

Dette er ein heilt spesiell situasjon. No er det viktig at alle gjer sin del for å begrensa smittespreiing av koronaviruset. Alle vert oppmoda om mist mogeleg kontakt. Matbutikkar vert opne i denne perioden - og folk oppmodast om å dele, ikkje hamstra. 

Sjå stadig oppdatert informasjon for Vaksdal Kommune:  https://www.vaksdal.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg-bustad/korona2/oppdateringar-korona/

I Eksingedalen betyr dette at alle arrangement som er oppsett i denne perioden, trening, årsmøte mm må avlysast/utsetjast.