Nærbutikken er gull verdt!

Av Liv Anne tir 24.03.2020 - 15:17

Hege leverer varer som vanleg, og om det er færre kundar innom butikken, så har ho mykje å gjera.

- Eg er nøye med vasking, og går rundt med sprayflaske heile tida. Alle som kjem hit har høve til å vaska seg grundig før dei handlar, og dei kan vaska seg etterpå. I tillegg har har eg framme eingongshanskar, som eg bed om at folk brukar – spesielt i frukt- og grøntavdelinga.

Hege oppmodar elles dei som har teikn til luftvegsinfeksjon om ikkje å gå inn i butikken.

-Eg tek imot bestillingar, pakkar varer, set dei ut på trappa – og kunden kan henta varekassen der. 
For dei som treng det, ordnar eg heimkøyring også.

Dei fleste handlar framleis sjølve endå, men fleire og fleire nyttar seg av tilbodet om å få varene pakka og sett fram. Gode naboar tek med seg varer og leverer til dei som treng det.

Det vert ei annleis påske utan den ekstra, store påskehandelen. Hege ventar ein god del påskevarer, så påskestemning vert det. Til no får den blide butikksjefen stort sett inn det ho bestiller, men opplever at t.d Bama slit med sine leveringar for tida. Om ikkje det vil vera det største utvalet av ferske grønsaker og frukt alltid, vil Hege hjelpa til med andre alternativ og val frå frysedisken. I desse tider gjeld det å vera ekstra kreativ. 

- Folk må spørja etter varer. Har eg det ikkje er inne den eine veka, kan det vera på plass veka etter, påpeikar Hege.

Hege vil jamnleg oppdatera Facebook-sida «Eksingedalen Snarkjøp» med bilete av vareutvalet. Slik kan det vera lettare å handla heimefrå også. Fredag 3.april kjem påskeblomane, dette kjem det heilt sikkert bilete av.

Nærbutikken er gull verdt for eksingedølane. Det er Hege også. Ho står på til det beste for alle. Når påsketuristane i år ikkje kjem for handel, går oppmodinga til eksingedølane om å handla ekstra godt!

Dessverre er det ikkje kaffikrok her på butikken for tida, men Hege lovar det skal bli kaffi og prat att når «Koronatida» er over!