Planlegg for annleis 17.mai feiring

Av Frøydis tor 07.05.2020 - 20:09

Situasjon med korona-pandemi, gjer at det ikkje er råd å arrangere barnetog og tradisjonell 17-mai fest.

Ordføraren har tatt initiativ til å samle representantar frå dei ulike bygdene i Vaksdal, dei har hatt fleire møter og det er planlagt noko felles program som vil bli tilgjengeleg på internett. Dette er å finne på Vaksdalposten si nettside, www.vp.no. Her kan ein mellom anna finne filmsnuttar frå dei ulike bygdene, me håpar også å få med noko frå Eksingedalen. Det vil bli ein felles tale av noko slag, og kanskje også fleire felles innslag. Følg med på www.vp.no, så får du med deg kva som skjer der. 

Det er planlagt felles nasjonal framføring av nasjonalsongen kl 13.00 på 17.mai. Dersom vèret og føret tillet det, vil nokon ta skia fatt, kome seg på Kvitanosi før kl 13 - og synge der oppe i frisk fjell-luft. Dette vil me prøve få film av om mogleg. Her er det berre å vere med for dei som ynskjer. Det vil ikkje bli felles avgong eller arrangert tur, men fint om dei som vil synge er klar på toppen klokka 13. Alle andre kan syngje i heimen eller der dei er. 

Elles i Eksingedalen oppfordrar me folk til å markere dagen - få på litt finkle, lag litt fest heime eller ute saman med naboane. Pass berre på å følgje smittevernreglar. 

Me vil gjerne ha inn bilder frå feiringa rundt om i dalen, slik at me kan leggje dei ut på denne heimesida. Hadde vore kjekt å få mange bilder frå ei annleis feiring. Send dei då til mail: liv.anne.bergo@vaksdal.kommune.no

Ha ei fin 17.mai feiring - så kjem me tilbake med skikkeleg fest neste år!

Bygdarådet vil òg informere om at me også utset utnemning av "årets eksingedøl 2020" til neste år.