17.mai film 2020 Eksingedalen

Av Frøydis lør 16.05.2020 - 23:27

Film er innspela mai 2020, som innslag til kommunen si 17.mai feiring dette korona-året. Verdsomspennande smitte med nytt korona-virus har gitt oss mange restriksjonar i år - og me kan ikkje feire 17.mai som vanleg. Ordførar i Vaksdal Hege Eide Vik har tatt initiativ til å samle inn innslag frå dei ulike bygdene, og dette er eit innslag frå Eksingedalen. Mykje er filma frå sykkeltur opp dalen 7.mai. Denne dagen var det meldt fint vèr, men yr svikta. Det gjorde også vindaugspussaren til kamerahuset. Resultatet ser de sjølv. Me velgjer likevel å publisere dette. Mange folk stilte opp for å bli med - og til saman viser filmen både variasjon i klima - og litt folkeliv langs heile dalen vår. Til sist endar me opp på Kjerringanosi - filma nokre dagar etter, då skyene hadde letta.