Årsmeldingar

Av redaktør man 15.01.2018 - 21:58

Underside1 av Idrettslaget

Årsmelding skigruppa 2019

 

Magnar Nese, leiar. Olav Gullbrå, styremedlem. Ivar Bergo, styremedlem

 

«Same procedure as last year» har vore gjennomgangsmelodien i skigruppa. Me har funne ein mengde arrangement som passar. For 2019 viser det seg å ikkje stemma heilt likevel. Me har kutta skileikdagen, og istadenfor vore delaktig i «Kom deg ut-dagen» som turgruppa har ansvar for.  Her vart det laga hopp og kuleløype.

 

Fagerdalsløpet er lagt ned på grunn av dårleg deltaking. Skigruppa er no delaktig i å gjennomføra «Gygrakjeften opp», nyskapinga som hovudstyret står bak.

 

Kveldsrennet i fri teknikk var også i år på Nesheim. Då er hovudlykt påkrevd. Vèrtilhøva gjorde løypa laus, det vart ein kraftprøve på balansera seg rundt. Det var fellesstart denne kvelden. Ikkje idèelt på ein fellesstart.
Lagsmeisterskap på ski, i klassisk stil, gjekk av stabelen på Nesheim 3. mars. Ved å leggja dette rennet til ei helg i vinterferien får me med oss fleire enn berre eigne medlemer som deltakarar. Det var fine forhold denne dagen.

Vaksdalsmeisterskapen i langrenn i fri teknikk hadde me også på Nesheim. Bursdagsfest på Kleiva gjer dette til ein flott dag, med mange born i løypene. Heiagjengen av born frå Bulken IL gjer at dei vaksne får ekstra inspirasjon til å ta ut kreftene.

Også i år vart løypene på Nesheim mykje brukt, då det endeleg vart nok snø til å køyra Skjeldalsfresen. Me har ikkje statistikk på dette, men Nils var nok den som tilbakela flest kilometer.

Av andre skirenn som vart arrangert i Eksingedalen tek me med «Nilsaloppet» (3-mil). Her var det både klassisk og skøyting, med fellesstart for alle. Skøytarane hadde ein fordel på grunn av forandring av føre under rennet. Rennet gjekk i år på Brakestad. 18. april var datoen. Varmen i april gjorde at snøen forsvann i rekordfart. Påskeafta, altså to

 

dagar seinare, hadde det ikkje vore råd å gå langrenn på Brakestad heller.

VM i langrenn, klassisk stil vart annonsert nokre få dagar før rennet gjekk. Dette på grunn av snøtilhøva i Bergsdalen. Ingen frå dalen deltok der.

 

Laget betalar Gaute for løypekøyringa på Nesheim, og får dekka noko av utgiftene av Vaksdal idrettsråd.

Skigruppa vil retta ei stor takk til dei som er med og gjennomfører arrangementa. Tidtaking, kioskdrift, løypevakter og fotografering for lokalavisene og eksingedalen.no er alle viktige oppgåver for å gjennomføra gode renn.

 

For styret, Magnar Nese