Gleda ved å gi

Av Magnar tor 21.12.2017 - 16:10

 

"Å visa omtanke og å glede andre har hatt stor plass på skulen her i desember.

Elevane har samla inn 62 gåver som er levert Vaksdal Frivilligsentral. Siste veka har dei hatt elevbedrift og produsert ulike varer for sal.

Dei selde varene sine på joletrefesten vår i går, og overskotet  på 2300 kr har elevane i dag kjøpt mat for på nærbutikken i Eksingedalen.

Også dette skal delast ut av Vaksdal Frivilligsentral, for det er fleire familiar i kommunen vår som ikkje har pengar til noko ekstra til jol. Dette ville elevane våre gjera noko med."

Dette er meldinga frå skulen på Bergo dagen etter at skulen sin årlege juletrefest var overstått. Og at skulen er viktig for bygda viste frammøtet denne førjulskvelden. Graut vart fortært, mandelen funne og marsipangrisen fann sin eigar. Kaffi og søte kaker høyrer også ein slik kveld til, likeså gang rundt juletreet. Kraftfull song frå to fulle ringar rundt treet avslutta kvelden. Eksingedalen skule er ein god stad å vera, for alle generasjonar.

Elevane med ferdige gåver utanfor skulen.
Produksjonen klar for sal.
Overskotet av salet blir brukt til å kjøpe matvarer.