Doktorgrad til landsbygda, Frøydis disputerer!

Av Liv Anne tir 23.05.2017 - 19:22
Kveldssol, fjell og Gullbrå gjev Frøydis energi til siste innspurten. Foto: Privat

Pressemeldinga i høve disputasen: 

Fastlegen kan bidra til at «dei usynlege barna» vert sett

Resultat frå dette doktorgradsarbeidet viste at fastlegane var i ein god posisjon for å hjelpe dei, men likevel vart barna ofte oversett.  Sjuke foreldre ynskte støtte og råd om korleis ivareta barna best. Ungdom med sjuke foreldre hadde behov for forståing for at dei levde i ein situasjon med ekstra byrder.

Gjennom tre intervjustudiar har vi undersøkt kva fastlegar, barn av sjuke foreldre og sjuke foreldre tenkjer om korleis fastlegen kan hjelpe barn som pårørande.

I gruppeintervju med fastlegar fann vi at dei kan identifisere barna som treng hjelp gjennom kjennskap til dei sjuke foreldra og familiane. Fastlegane kunne også hjelpe med å rådgi foreldre, gi informasjon og tilvise til andre hjelparar. Tidspress og frykt for å såre pasientar, gjorde at barna sin situasjon kunne bli utelatt som tema i konsultasjonar med foreldra.

I gruppeintervju fortalde ungdom som hadde hatt  oppvekst med sjuk forelder om mykje uforutsigbarheit i kvardagen og at dei strevde med å oppretthalde ei vanleg ungdomstid. Mange hadde eigne helseplager. Dei oppsøkte helst fastlegen for fysiske plager, og syntes det var vanskeleg sjølv å ta opp tema om heimesituasjonen.

Sjuke foreldre vart intervjua individuelt. Dei uttrykkte behov for å bli møtt som ansvarlege og velmeinande foreldre, på same tid som dei hadde behov for praktisk støtte og råd om korleis best ivareta barna under eigen sjukdom. Både barna og sjuke foreldre ynskte at fastlegen skulle ta opp tema om korleis barna hadde det under foreldre sin sjukdom.

Barn som veks opp med sjuke foreldre, kan ha auka risiko for eigne helseplager både på kort og lang sikt, men mange klarer seg bra. Fastlegen kan gjennom ein tillitsfull relasjon, anerkjenne og etterspørje sjuke foreldre og barna deira sin situasjon. Slik kan legen kome i posisjon til å tidleg identifisere dei barna som treng oppfølging, og sørge for at barna får hjelp, ofte gjennom samarbeid med andre.

Personalia:

Frøydis Gullbrå (f. 1971) tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1997. Ho er spesialist i allmennmedisin og fastlege og kommuneoverlege i Modalen. Doktorgradsarbeidet utgår frå Allmennmedisinsk forskningsenhet, Uni Research Helse i Bergen og Forskningsgruppe for allmennmedisin ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen. Rettleiarar har vore seniorforskar Marit Hafting, seniorforskar Tone Smith-Sivertsen og professor Guri Rørtveit.