
Fleire tusen huer er strikka i Eksingdalen og Modalen desse åra.

Huestrikkarane! Konkurranse mellom bygdene? Denne gongen var Modølingane dei ivrigaste strikkarane. Britt, i midten på biletet, viste oss bilete av nyfødde afrikanske babyar med huer frå Eksingedalen. Med det vert dette ekstra meiningsfylt arbeid!
Huene var samla inn på strikkekafè i Ljosheim. Damer i alle aldrar frå bygdene møtte fram og det var triveleg prat kring borda. I tillegg til eit meiningsfylt prosjekt er det triveleg å møtast!