Set av helga 20.-21.august til EKSINGEDALSDAGAR!

Av Liv Anne ons 13.07.2016 - 18:19
Glimt frå sist Marknadsdag, august 2014.

Førebels program:

FAGERDALSLØPET: Med målgang ved Nærbutikken kl 12

EKSINGEDALSMARKNAD kl 12 - 16 Salstelt med handverk og mat

Salsutstilling av Svein Trefall sine måleri i "Møkakjellaren" til Haldis og Jostein Toradarane spelar opp frå scena

Veterantraktorparade

Ulike aktivitetar: Pil- og bogeskyting, luftgeværskyting, hesteriding og tippekonkurransar. Sal av ender, andeslepp kl 15.

Avslutning og premieutdeling kl 15.30, med m.a. kåring av skyttarkonge, -dronning, -prins, og -prinsesse

STØLSTUR til FLATEKVALSTØLEN søndag 21.,start kl 11 frå Flatekval

Meir informasjon vert å finna på heimesida framover.