Årsmelding 2014 - 2015

Av Svein lør 17.02.2018 - 18:44

Årsmelding for Eksingedalen Bygdaråd 2014-2015

 

Årsmøte for 2013-2014 vart halde 2.4.2014, med ekstraordinært årsmøte 28.4. På dette siste møte  vart det bestemt nye vedtekter for Eksingedalen Bygdaråd. Frå den tid har alle folkeregistrerte i Eksingedalen over 16 år møterett og stemmerett ved årsmøte.

Alle i det gamle arbeidsutvalet sa opp sine verv, og det vart vald 3 nye representantar til eit arbeidsstyre, alle vald for eitt år. Desse var: Kari Brørvik, Evelyn Gullbrå, Frøydis Gullbrå. Hovudjobben til dette styret skulle vere å få eit nyorganisert bygdaråd opp og gå.

Ny valnemnd: Albert Gullbrå, Karin Flatekval, Rune Lavik

Revisorar: Rune Nesheim, Olav Nese

 

 

Arbeidsstyret i bygdarådet har i 2014/2015 arbeidd med desse sakene:

Halde fram med følgjande faste saker for bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komité, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa, og å skaffa talar til året etter. Utnemning av 17.mai komité vert gjort i januar/februar, komiteen arbeider sjølvstendig.
    17.mai 2014 var rådmann Trine Grønbech talar.
  • Marknadshelg: Fastsetjing av dato og val av komité for marknad annakvart år. Det var marknad i 2014, og blir såleis ingen marknad i 2015. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Tradisjonen er siste helga i august. Komitémedlemmane arbeider over to marknadar, for å få kontinuitet.
  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga. I 2014 var det Øvre Eksingedalen Grunneigarlag  som fekk ansvaret for innsamlingsaksjonen.
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak.
  • Sommarjobb: Gjera kjent rettleiande satsar / formidla jobbar ved etterspørsel. (Dette har det ikkje vore arbeidd med dette året)

 

 

Saker 2014-2015:

  • Nyorganisering av bygdarådet

·         Eksingedalen.no

·         Arbeid med stiar og kart: Nye informasjonstavler for Stølsvegane

·         Straumforsyninga Lavik-Gullbrå

·         Mobilutbygging-Radio-Fiber i vegg

·         Rassikring i Trefallstranda

·         Brøyteberedskap

·         Innspel til kommunal beredskapsplan

 

Om dei enkelte sakene:

Nyorganisering av bygdarådet

Nye vedtekter for Eksingedalen Bygdaråd har blitt innsendt og godkjent i Brønnøysundregisteret. Det har blitt halde møte med gamalt arbeidsstyre for informasjon om tidlegare arbeid. Etter godkjenning frå årsmøte, engasjerte me ny rekneskapsførar. Det er Haldis B Øvstedal som tek denne oppgåva.

 

Stølsvegane: Nye informasjonstavler

Sti- og kartgruppa har desse oppgåvene:

·         Vestlandsprosjektet: ”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”

·         Turkart for Eksingedalen

·         Organisering av årleg arbeid med rydding og merking

 

Grete, Astrid, Elisabeth, Kåre Magnar, Frøydis og LivAnne har arbeidd med stiar og kart også dette året. Våren 2013 vart det gjort avtale med Grafika på Hamar om oppsett og trykking av nye tavler, deretter kjøp av tavler gjennom Asker-produkter. Tavlene er standardtavler for turstiar, og haldbare i høve vedlikehald. Utforminga av tekst og grafikk er ferdig. Tavlene har både norsk og engelsk tekst. Det har tatt lengre tid enn planlagt å få dette på plass, men det ser no ut for at tavlene kan bli klare til sommaren.

Bygdarådet ser det som svært viktig at me kan halda fram med vedlikehald av stiane og betala utgifter ved oppvøling. Stiane har stor verdi for både fastbuande og turistar.

Vestlandsprosjektet (”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”) går ut på at turstiar på Vestlandet skal merkast likt og graderast etter vanskegrad. Ein skal følgja ”Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper”. Bygdarådet fekk i 2011 tildelt 25 000 kr og i 2012 tildelt  20 000 kr etter søknad.

Eit turkart som dekkjer området frå Eidsfjorden i vest til Myrkdalen i aust er i arbeid. Kartet skal vera trykt på begge sider, med turkart (1: 50 000) på eine sida og turframlegg / informasjon på baksida. Det har ikkje vore arbeidd med dette kartet siste året heller, då ein vil ha med turomtalene frå informasjonstavlene.

 

Eksingedalen.no

Heimesida har framleis godt omdøme frå omverda. Mange nyttar sida for å orientera seg som turistar, og for å følgja med på kva som skjer i Eksingedalen. Sidan all skriving vert gjort på dugnad, kan det innimellom gå lang tid mellom nye saker på sida. I år har det vore god aktivitet med mykje nytt stoff på sidene, og mange har vore innom og lest. For oppdatering av kalenderen er ein avhengig av tilsendte saker frå bygdefolket.

Det har fleire gonger vist seg at nyhenda som er lagt ut på sida vet plukka opp og referert i lokalavisene. I politiske saker verkar sida også som ein pådrivar for å få fortgang i saker som er viktige for Eksingedalen.

Årsmeldingar og andre meldingar frå Bygdarådet er å finna under eiga fane i hovudmenyen på sida.

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne, Gunnar). Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet, dette er ikkje gjort dette året.

 

 

Meir stabil straumforsyning

I januar 2013 oppnemnde arbeidsutvalet i Eksingedalen Bygdaråd ei tre manns gruppe som tok på seg å arbeide for betre straumforsyning i Eksingedalen. Med i gruppa var Magnar Nese, Kåre Magnar Trefall og Gunnar Hatland. Det vart gjennomført eit formelt møte med BKK Nett AS, men det skjedde lite etter møtet, og BKK gav ikkje tilstrekkeleg tilbakemelding om kva som kunne gjerast for å stabilisera straumforsyninga.

Vinteren 2012-2013 var det mange og til dels langvarige straumbrot i dalen. Dette var ein kald og stri vinter.

Vinteren 2013-2014 var snømengda i dalen under det normale, og det oppsto færre straumbrot.

Men så kom vinteren 2014-2015 med uvanleg mykje snø. Når det så kom vind i tillegg, vart store deler av Eksingedalen utan straum i tre lengre periodar i desember 2014 og januar 2015. Saka vart i januar i år teke opp med NVE, slik føreskriftene for stabil straumforsyninga legg opp til. BKK vart då pålagt å gjera greie for situasjonen og kva tiltak som kunne gjerast. Svarfristen frå NVE si side vart sett til 13. mars 2015. BKK har bede om forlenga frist, og skal no gjera greie for saka ovanfor NVE innan 17. april 2015.

Ein av dei mest vanlege grunnane til at Eksingedalen mister straumen i periodar, er linja som går frå Vegaskiftet ovanfor Lavik og vidare til Haugen, Fjellanger og Yksendalen. Ved feil på denne sidelinja, vert straumen frå Vetlestølen og opp til Gullbrå slått ut. Når så feilen skal rettast, kan BKK i Vegaskiftet kopla ut sidelinja manuelt, og setja på igjen straumen til resten av dalen. Denne operasjonen tek gjerne fleire timar på grunn av reisetida for linjearbeidarane. Først når sidelinja er isolert frå resten av høgspenningsnettet i dalen, kan reparasjonsarbeidet på Fagerdalslinja, som er det lokale namnet, verta utført. På det verste i vinter var dei som er knytt til sidelinja heilt utan straum i 89 timer i strekk.

Sjølv om ikkje noko er vedteke eller godkjend av NVE no ved utgangen av mars 2015, er det venta at resultatet vil bli at Fagerdalslinja blir lagt om og utbetra betydeleg. Dette vil få som konsekvens at også heile Eksingedalen ovanfor Lavik vil få meir stabil straumforsyning.

 

 

Telesamband, radio og TV i Eksingedalen

Det er ei velkjent sak blant dei som skal byggja ut alle former for telesamband, både fastlinjer og radiolinjer at Eksingedalen er eit vanskeleg utbyggingsområde. Dalen er nær fem mil lang, og er berre 200-300 meter brei i store delar av dalføret. Det er dette som gjer at det må byggjast mange sendarar for å gje Eksingedalen full mobildekning. – Kanskje det vanskelegaste området i landet, har dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor uttalt.

Ved utgangen av mars 2015 er situasjonen denne for alle dei tema som er aktuelle for oss:

·         MOBIL: Mobilutbygginga er så vidt starta, men ingen sendarar er sette i drift. Bygdarådet har jamnleg etterspurt framdrift i denne saka frå Vaksdal kommune.

·         NAUDNETT: Utbygging av naudnettet er og starta opp, men heller ikkje her er sendarar sette i drift. Kor god dekning naudnettet frå er ukjend.

·         DIGITAL RADIO: Når det gjeld utbygging av digitale radiosignal er det berre eit fåtal i Eksingedalen som får inn DAB+ radio no. Det er ikkje kjent om denne utbygginga vil fortsetta, slik at fleire i dalen kan ta imot signala. Det gjeld både stoveradio og bilradio. Planane om å kutta ut FM-signala frå 2017/2018 for heile landet står fast.

·         FIBER: Eksingedalen har ny og verdfull fiberkabel frå Modalstunnelen til Ekse. Denne vart sett i drift i 2007. Ut frå fiberkabelen i dei forskjellige telekioskane i dalen går det koparleidningar. Mange stader er dette spreidningsnettet gamalt og dårleg, og stolpar er rotne og må skiftast. Det er ei stor oppgåve å få skifta frå kopar til fiber. Men det er ei nødvendig framtidsløysing dersom Eksingedalen skal hengja med i den tekniske utviklinga i samfunnet.

Eksingedalen får ingen draghjelp utanfrå for å få gode og heilheitlege løysingar på alt som er knytt til telesambanda. Dette er ikkje definert som ei prioritert kommunal oppgåve, med unnatak av den rolla kommunen har i mobilutbygginga.

Eksingedalen Bygdaråd har fått eit tilskot frå Fylkesmannen i Hordaland på inntil 100.000 kr for å greia ut desse sakene samla. Pengane er ikkje brukt enno.

For å gje ein peikepinn om arbeidsmengda, kan ein rekna med 400-500 timar. Det er nemleg vanskeleg å skilja mellom utgreiing og forhandling med dei forskjellige utbyggjarane. Det held ikkje å få god framstilling av stoda. Ein må også prøva å få dei statlege utbyggjarane for til dømes naudnett og DAB+ til å by på løysingar også.

Det let seg ikkje gjera for eit arbeidsutval i Bygdarådet åleine å leggja ned så mykje arbeid som naudsynt i alle desse enkeltsakene. Økonomien tillet heller ikkje å leiga inn profesjonelle konsulentar.

 

Rassikring i Trefallstranda

I 2011 vart det av Statens vegvesen lagt fram plan om rassikring i Trefallsstranda. Planen gjekk ut på å leggja vegen ut i vatnet på same måte som det er gjort lenger framme. Eksingedalen Bygdaråd kom med innspel på at den nye traseen var kort og burde forlengast fram til «professorhytta» på Merkesneset for å unngå alle rasa som vanlegvis kjem ned i vegen. Det var avsett 10,4 millionar til den opphavlege planen. Etter grunnundersøkingar der vegen var planlagt, viste det seg at dei løyvde midlane ikkje var tilstrekkeleg. Planen vart då endra slik at vegen vart forlenga til «professorhytta» og vidare rett fram i neste sving også.

Status mars 2013 var at planen var finansiert og midlane løyvde i 2013/2014. Nye grunnundersøkingar viste dårlege grunnforhold for vegbygging på store delar av strekninga, og prosjektet blir betydeleg dyrare enn dei budsjetterte midlane. Ei planlagt synfaring med grunneigar og lokalkjente vart aldri noko av, og midlane løyvd til prosjektet er overført anna vegprosjekt.

Saka vart aktualisert vinteren 2015 då vegen vart stengt i 10 dagar grunna rasfare. I etterkant av dette vart det halde møte mellom kommunen, bygdafolk som vart innestengt, Vegvesenet og Hordaland Fylkeskommune. Tema var mellom anna rassikring i Trefall-stranda.  I møtet  vart det ikkje lova midlar til planlagt utfylling då denne vart svært kostbar ( ca 80 mill) , men dei vil sjå på alternative løysingar for å gjere strekninga sikrare å køyre.

Olav Gullbrå er kontaktperson for bygda i denne saka.

 

Brøyteberedskap

Det har i vinter vore mykje snø og ofte dårleg brøytt veg på fv344 gjennom heile dalen, spesielt tidleg i vinter. Folk har hatt vanskar med å kome seg fram, både på arbeid på morgonen, og under snøfall elles. Det har ofte vore smal vegbane med lite utbrøytte møteplassar. Etter uver har det tatt lang tid å få oppbrøytt vegen att. Bygdarådet har sendt bekymring over denne brøyteberedskapen til Statens Vegvesen, og har fått svar om at dei følgjer dette opp.

 

Innspel til kommunal beredskapsplan/ ROS-analyse

Vaksdal kommune har under arbeid ny kommunal beredskapsplan, herunder overordna ROS-analyse. Bygdarådet har i samarbeid med Eksingedalen bondelag gitt høyringsuttale til kommunen. Me har vektlagt særmerkte tilhøve for Eksingedalen; vertilhøve (med mykje snø, brøyteutfordringar og rasutsette vegar), og ein utsett straumforsyning.