Årsmelding 2010 - 2011

Av Svein søn 18.02.2018 - 18:59

ÅRSMELDING FOR EKSINGEDALEN BYGDARÅD,

mai 2010-agust 2011

 

Medlemmer i Bygdarådet:

Øvre Eksingedalen Grunneigarlag - Trygve Nilsen

Eksingedalen Grunneigarlag - Oddvar Eikefet

EMIL - Einar Hovda Nilsen

Eksingedalen Kvinne- og familielag - Haldis Øvstedal

Eksingedalen Bondelag - Olav Nese

Eksingedalen Bonde- og Småbrukarlag - Grete Haugen

Dølalaget - Ivar Bergo

Eksingedalen skule - Maya M Abbedissen

Eksingedalen barnehage - Mari Odland Trefall

Kommunestyret / Formannskapet - Karin N. Flatekval

Nærbutikken - Sukheet Bharj

Helsevesenet - Frøydis Gullbrå

 

Arbeidsutvalet:

Olav Gullbrå

Svein Tollefsen

Gunnar Hatland

Liv Anne Bergo

 

Redaktør for heimesida - Magnar Nese

 

Andre tillitsvalde:

Revisorar: Olav Nese og Rune Nesheim

Valnemnd:  Albert Gullbrå, Grete Haugen, Astrid Lavik

 

Arbeidsgruppe i samband med grensejusteringssaka:

Arbeidsutvalet, Magnar Nese, Britt Eide, Gunnar Hatland,

Eidslandet grendalag v/ Oddbjørn Vik og Jahn Olav Nordheim.

 

ÅRSMØTET I 2010:

Sist årsmøte vart halde 29. april 2010 på Eksingedalen skule. 10 av dei 15 medlemmane i Bygdarådet møtte, i alt var 15 representantar på møtet.

Årsmeldinga og rekneskapen for 2009- 2010 vart samrøystes godkjende.

Årsmøtet vedtok å øyremerkja salet av stølsbrosjyrer i 2009, kr 6 232,50, til trykking av nye brosjyrer når det er behov for det.

Årsmøtet vedtok å utvida arbeidsutalet til 4 personar. Vedtaket gjeld frå og med dette årsmøtet.

Arbeidsutval etter årsmøtet:

Liv Anne Bergo, leiar for eitt år

Gunnar Hatland, styremedlem for 2 år

Olav Gullbrå, styremedlem for 1 år

Svein Tollefsen, kasserar var ikkje på val

 

Magnar Nese heldt fram som redaktør for heimesida

Revisorar: Olav Nese og Rune Nesheim

 

Årsmøtet prioriterte desse sakene framover:

·         Grensejusteringssaka

·         Eldreomsorga, Modalstunet

·         Bustader

·         Barnehage, utvida opningstid

·         Stadnamn

·         Heimesida

·         Mobildekning

·         Arbeid omkring Ekso

·         Vegen gjennom Eksingedalen

 

Arbeidsgruppe for å arbeida med kart/ informasjon: Grete Haugen, Berit Vetlejord, Elisabeth Holth, Astrid Lavik, Britt Eide

 

Arbeidsgruppe for vidareutvikling av nettsida: Magnar Nese, Svein Tollefsen, Gunnar Hatland

 

ARBEIDSÅRET,  mai 2010- august 2011:

Arbeidsåret har vore spennande og arbeidskrevjande, med mange utfordringar og  viktige saker for bygda. Avgjerda i grensejusteringssaka let venta på seg, og naturleg nok har andre saker (som t.d. nytt kart) venta på dette. Mange enkeltpersonar har arbeidd mange timar på ulikt vis, og dette gjev resultat – om ikkje alle positivt i første omgang.

 

Svært gledeleg denne sommaren var tildelinga av 4,7 mill til mobilutbygging i Vaksdal, og det vil seia mobildekning i heile Eksingedalen! Me har òg fått utvida opningstid i barnehagen / SFO, freda plassane ved Modalstunet for ei stund - og bustader er komme inn på økonomiplan. Og: Aldri har vel så mange parti nemnt Eksingedalen i sine partiprogram.

Eksingedalen er klart sett meir på kartet etter grensesaka.

 

Faste saker for Bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komitè, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa.  
  • Marknadsdag og Stølsdag: Fastsetjing av dato og val av komité. Komiteen har ansvar for gjennomføringa.
  • Sommarjobb: Gjera kjent rettleiande satsar og formidla jobbar ved etterspørsel
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak

Andre saker frå arbeidsåret:

  • Den grøne sløya: Sykkelritt
  • Kjøp av fleire telt, utleige av telta
  • TV-aksjonen: På flukt
  • Blomar til folket på Nærbutikken
  • Oppstart av frivilligsentral i Vaksdal
  • Kommunedelplan oppvekst
  • Eldreomsorg og plassane ved Modalstunet
  • Kommunale bustader
  • Utvida barnehagetilbod

·         Mobildekning i heile Eksingedalen

·         Disponering av kulturlandskapsprisen

·         Søknad om midlar ”Turstiar på Vestlandet”

·         Søknad om SMIL-midlar til vedlikehald av stiane

·         Vidareutmekling av heimesida

  • Vegen i dalen
  • Situasjonen i og rundt Ekso
  • Opning av fornyinga av konsesjonsvikåra for Eksingedalsvassdraget
  • Grensejusteringssaka

·         Politisk folkemøte i juni

 

Meir om dei enkelte sakene:

17.mai 2010 og 2011 vart gjennomført på tradisjonelt vis, siste året med det våtaste 17.-maitoget i ”manns minne”. Komiteane har gjort gode jobbar, men det har dei to siste åra vore vanskar med å få utplukka komité til å stilla. Bygdarådet kan berre oppmoda folk om dugnadsarbeidet – som er viktig for å kunna gjennomføra slike markeringar.

Talarar var Gunnar Hatland i 2010, Magnar Helland i 2011. 

 

Eksingedalsdagane: Marknadsdag og stølsdag 2010

Eksingedalsdagane vart arrangert 28.-29. august 2010. Temaet for marknaden var lokalprodusert mat, kunst og handverk. I alt stilte 17 utstillarar, dei fleste med matvarer. Spesielt gledeleg var det at så mange eksingedølar produserte mat i høve marknadsdagen!

EMIL tok utfordringa frå marknads komiteen om eit løp, og skipa til Fagerdalsløpet for første gong. Målgang ved opning av marknaden skapte god steming - flott av EMIL!

I tillegg til Kvinne- og familielaget sin  kafé stod Eksingedalen Naturlosing (Grete) for matserveringa, og det vart dette året servert rømmegraut i staden for grillmat.

Nye tilbod var elles  ”villmarksaktivitetar”, m.a.  slak line mellom traktorar og klatring i tau opp på Kyrkjesteinen, og  høve til å besøkja ”møkakjellaren” til Haldis og Jostein. Møkakjellaren er eit fantastisk opprusta byggverk – der fotoutstillinga og -quizen til Liv Ekse passa godt inn. I tillegg til Gunnar Eide underheld lokale Linda saman med jazzelevar ved butikken. Veteranbussen køyrde tur til kraftverka på Flatekval, der det var omvising.

Trass dårleg ver var det godt frammøte, blide og positive folk!

 

Søndagen var veret betre, og Kari og Einar med kvar sin kløvhest følgde om lag 70 turgåarar til Yksendalstølen. Ein fin tur – der stølshistorier og stølskokt kaffi skapte god stemning.

 

Eksingedalsdagane er ein stor dugnad og ber seg knapt økonomisk. Bygdarådet har ein del utgifter, og inntektene er utelukkande på utleige av bord til utstillarane og gjennom loddsal. Sidan det stod å lesa i Vp at Vaksdal Kommune støtta Bergsdalsdagane økonomisk, sendte me ein søknad om støtte til våre dagar. Vedtaket vart: Vaksdal kommune ”finn ikkje å kunna støtta søknaden ved dette høve”.

 

Etter vedtaket om marknad annakvart år, var det ingen marknad i 2011.

Likevel kjekt at Fagerdalsløpet heldt fram siste helga i august.

 

Sykkelrittet Den Grøne Sløyfa 2010

Dette var eit samarbeidsarrangement med initiativ frå Den Grøne Sløyfa. Bygdarådet v/ Liv Anne deltok på planleggingsmøte av ”Haustens vakraste mosjonsritt” og testløp for konkurransesyklistar, og på dugnad på sjølve dagen 11.september 2010. Overskotet vart fordelt mellom deltakande lag, og gav eit tilskot til Bygdarådskassa. Arbeidsutvalet har valt å ikkje engasjera seg i gjennomføringa av dette løpet, av kapasitetsgrunnar.

Sykkelrittet er gjennomført hausten 2011 også, med både mosjonsritt Lavik- Eidslandet og konkurranseritt Evanger – Eidslandet.

 

Telt og utleige av telta

Bygdarådet eig no tre telt, eitt stort og to små. Telta har fram til no vore lånt ut. Det er slitasje på telta, og difor nødvendig å ta leige for å finansiera ev nye innkjøp. Utleigeprisar er frå september 2011 kr 200 pr telt pr døgn ein har teltet ståande oppe. Dersom telta vert lånt ut av Eksingedalen er prisen kr 300 pr telt pr døgn.

 

TV-aksjonen ”På flukt frå krig” (Flyktningehjelpen)

Bygdarådet fekk ansvar for innsamlinga i Eksingedalen i oktober 2010. Liv Anne var kontaktperson og koordinerte innsamlinga i Eksingedalen. Bøsseberarar 24. oktober var: Frøydis Gullbrå, Liv Anne Bergo, Karin N Flatekval og Geir Ove Carlsen.

 

Overlevering av blomar på Nærbutikken

Bygdarådet overrekte saman med Sameiga blomar til Bengt og Malena med takk for stor innsats for bygda  gjennom mange år som butikkfolk på Lavik.  Samstundes fekk den nye butikkstyraren, Sukheet Bharj, blomar som velkomsthelsing.

 

Frivilligsentral

Liv Anne deltok 1. februar på informasjonsmøte i samband med oppstart av frivilligsentral i Vaksdal. Det er så langt ikkje arbeid med opplegg for indre strøk av kommunen.

 

Kommunedelplan oppvekst

Kommunen skal starta opp arbeidet med kommunedelplan for Oppvekst 2012-2020, og planprogrammet for dette var på høyring i mai 2011. Bygdaråd  bad om at det i planprogrammet vert understreka at  dette er eit planarbeid som må gjelda heile kommunen, slik at dei kommunale måla  innan skule, barnehage og SFO må gjelda heile kommunen – underforstått også medrekna Eksingedalen

 

Utvida barnehagetilbod: Eksingedalen fekk frå i haust utvida opningstid i barnehagen! Dette har vore eit ynskje frå foreldregruppa, og er klart viktig for å få barnefamiliar til å flytta til dalen. Barnehage og SFO er no open frå 7.30 til 17.00 kvar dag, med unnatak av fredag. Fredag stengjer det 14.15 fordi det ikkje lukkast å få folk til drifta. Barnehagen er no kommunal familiebarnehage. Det er dette året 4 born i barnehagen.

 

Eldreomsorg og plassane ved Modalstunet

Vaksdal sine 4 plassar ved Modalstunet er ei velkjent sak når budsjettet til Vaksdal kommune skal salderast. Det har vore mykje diskutert det siste året også. Våren 2010 fekk me vita at plassane ikkje var budsjetterte lenger enn ut juni 2010 og etter det skulle leigast ut til andre kommunar. Bygdarådet har engasjert seg og Karin har kjempa stadige kampar i kommunepolitikken i denne saka. Våren 2011 vart plassane ”freda”, dei 4 plassane vert oppretthaldne. Ordførarane i dei to kommunane skreiv under på ein avtale om freding fram til 2015. Pr i dag har to eksingedølar plass ved Modalstunet medan fleire er på Vaksdal og Dale.

 

Kommunale bustader

I dag er det ingen ledige bustader i Eksingedalen, utanom dei som vert leigd ut til turistar. Kommunale  gjennomgangsbustader vart teke inn i kommunen sin økonomiplan hausten 2009, strokne derifrå i 2010, flytta til prosjekteringsmidlar (kr 500 000) i 2012. Bustader er svært viktig for Eksingedalen – og må bli ei kampsak framover!

 

Bruk av Kulturlandskapsprisen, kr 50 000 kr.

Idédugnaden april 2010 prioriterte utvikling av Eksingedalen.no og produksjon av infomateriell og kart over området. Desse prioriteringane er lagt til grunn som eigenkapital ved søknad om oppgradering av turstiane, herunder produksjon av kart, og fornying av heimesida.

 

Turstiane våre, stølsvegar og Reitlevegen

Oktober 2010 mottok me sluttutbetaling av vedlikehaldtilskot for åra 2007-2010. Løyvinga vart utbetalt etter rapport om utført og utbetalt arbeid frå Bygdarådet, og etter godkjenning av Vaksdal kommune.

I mars 2011 sendte Bygdarådet søknad til prosjektet ”Merking og gradering av turstiar på Vestlandet”. Prosjektet går ut på at turstiar på Vestlandet skal merkast likt og graderast etter vanskegrad. Prosjektmidlar kan gå til merking og gradering, infrastruktur (skilt og tavler), innhaldsproduksjon (informasjon på papir og digitalt), utarbeiding av planverktøy og arbeid i felt. Søknaden vart utarbeidd av Bygdarådet og vidaresendt gjennom Vaksdal kommune. Me søkte om 3-delt prosjekt: Stølsvegane, Reitlevegen og produksjon av kart over heile Eksingedalen. 25 000 kr vart avsett som eigenkapital, i tillegg dugnadsinnsats ved feltarbeid. Me veit ikkje om me har fått midlar gjennom dette prosjektet.

Det er òg sendt SMIL søknad via Vaksdal kommune om midlar til vedlikehald av turstiane våre (mai 2011, med frist 1.august 2011). Midlane som er løyvd tidlegare er oppbrukte, og det er pr i dag ikkje løyvd midlar til vedlikehald denne sesongen. Det føreligg ikkje svar på søknaden. Bygdarådet ser det som svært viktig at me kan betala litt til dei som ryddar og merkjer opp att – og kan betala utgiftene ved oppvøling.

Stiane vert mykje trakka, og har stor verdi for bygda.

 

 

 

Eksingedalen.no

Magnar Nese, Gunnar Hatland og Svein Tollefsen har sidan sist årsmøte arbeidd med ny nettside. Me har undersøkt litt rundt kva me kan få til på ei ny side, og korleis me kan gjere dette på ein best mogleg måte for å få ei nettside som ser bra ut, og som er lett å oppdatere. Tanken er at ein ikkje skal vera avhengig av ein person, men at mange skal kunne oppdatere med nyhende og kalenderstoff. Kleiveland Musikk og Media er valt til å lage nettsida. Det er laga eit rammeverk  som, med mindre justeringar, er klar for  å fyllast med innhald. Kostnaden er komme i om lag kr 25 000,- inkl. mva. Dette rammeverket er laga slik at det skal vere enkelt å bygge på med nye sider/menyer og liknande. Me prøver å ferdigstilla og publisera sida snarast råd.

 

Mobildekning i heile Eksingedalen:

Me tok i fjor kontakt med Vaksdal kommune og Telenor v/dekningsdirektør Bjørn Amundsen. Me hadde kartlagt dekninga frå Høvik til Gullbrå. Vaksdal kommune skulle etter eit møte på Dale utarbeide ein intensjonsavtale med Telenor ang. utbygginga. Dette drog ut i tid,  men i april i år fekk me vita at Hordaland fylkeskommune hadde breibandsmidlar dei ville omfordela til mobilutbygging. Vaksdal kommune vart informert om dette. Då midlane vart lyste ut i byrjinga av juni i år, hadde  Vaksdal kommune det meste av den informasjonen dei trengde for å sende søknad på desse midlane.  Gunnar var behjelpeleg med å kartlegge område frå Dalseid til Høvik. Vaksdal kommune vart i juli i år  tildelt 4,7 mill kroner til utbygginga. Dette skal dekke 2/3 av antatt utbyggingskostnad på ca  7 mill. Resten av midlane er foreslått henta frå næringsfondet i Vaksdal. Saka skal opp i kommunestyret 26. september, og vidare ut på anbod etter dette.

 

Vegen vår…..

Det me veit i september 2011:

Kåre Olav Aldal seier at det ligg inne ein plan med utviding av Flatekvalfossen, i tillegg plan om sikring av fjell mellom Haugenskiftet og Øksendalskiftet. Ingenting er konkret på kva tid.

Når det gjeld asfaltering seier Per Frydenbø Knutsen at det står att 3 parsellar som ikkje vart tekne i vår, desse er oppmerkte og vert tekne i haust om entreprenøren har tid. Han veit det er trong for meir asfalt, men det kjem an på kva midlar som vet tildelt…. Når det gjeld Teigdalen høyres det ut som det vert teke noko neste år.

Øystein Knag har ansvaret for rassikringsprosjektet på Trefall. Han reknar med dette vert teke neste år. Dei er i samtalar med BKK ang massar frå tippen innom Gullbrå.

 

Tilgroing i Ekso

Delar av Ekso gror til. Denne utviklinga har akselerert dei siste fem-seks åra. Særleg i august til oktober ser elva ille ut i området mellom Flatekval og Lavik. Når vassføringa er moderat, er store områder av elva dekt av grønt gras. Etter det me kjenner til er Ekso no den elva på Vestlandet som er mest tilgrodd. I ein rapport frå Rådgivende Biologer AS til Fylkesmannen i Hordaland vert det slege fast at hovudgrunnen til tilgroinga er redusert vassføring som resultat av reguleringa av i vassdraget.

Også delar av Bergovatnet er sterkt prega av tilgroing. På Nesheim og Trefall er elva også prega av byrjande tilgroing, sjølv om omfanget her er mindre.

I området Flatekval-Lavik er det flotgras som dominerer, men det er også mykje krypsiv her, i tillegg til ei rekkje andre planteartar. Tilgroinga i Bergovatnet er ikkje analysert av biolog/botanikar enno.

I februar 2010 starta Bygdarådet arbeidet med å få gjort noko med saka. På den eine sida er det faktiske forholdet at Ekso er ei sterkt regulert elv som treng tilsyn, vedlikehald og tiltak mot ulemper som til dømes tilgroinga fører med seg. På den andre sida er det eit faktum at BKK som har konsesjonen for vassdraget og står for reguleringa, ikkje har gjort eit einaste tiltak i elva på 20-30 år. Tilgroinga har vore kjent for BKK, men ikkje noko har skjedd.

I april 2010 tok Bygdarådet med kontakt med NVE, avdelinga for Miljøtilsyn for å søkja råd. Me fekk då klar beskjed om at me skulle skriva orientering til NVE om saka, og så skulle NVE ta saka opp med BKK. I brev til BKK 29. april 2010 ga NVE pålegg om at BKK måtte ta opp saka og føreslå tiltak. Etter purringar frå NVE vart det i august 2010 halde synfaring og møte mellom NVE, BKK og Bygdarådet. Ut over hausten 2010 var BKK passiv, men NVE pressa på. Først våren 2011 kom det ei merkbar haldningsendring frå BKK si side. Etter pålegg frå NVE vart det arrangert ny synfaring med NVE, Bygdarådet, BKK, Vaksdal kommune og Fylkesmannen i Hordaland. Status ved starten av september 2010 er at det skal setjast i gang betydeleg oppreinsking i området Lavik-Flatekval og delar av Bergovatnet. Graset skal fjernast med ei ”slåmaskin”, og rotsystemet skal piskast opp. Tiltaka vil kosta fleire hundre tusen berre i denne første omgangen. Planen er at arbeidet skal koma i gang 14.-15. september 2011. Erfaringane frå dette arbeidet skal vera eit grunnlag for vidare tiltak mot tilgroinga i elva.

Etter at Eksingedalen Bygdaråd tok opp saka om tilgroing i elva, har NVE bestemt at det skal vera formell  miljøtilsynssak  ovafor BKK når det gjeld den samla forvaltninga av vassdraget.  Denne startar 26. september i år.

 

Fiskeforvaltning i Ekso

Ekso Villfisk DA i samarbeid med Eksingedalen Grunneigarlag driv omfattande fiskeforvaltning i dei fire fiskesonene i området Lavik-Flatekval. Arbeidet blir år for år stadig vanskelegare på grunn av tilgroinga. Fiskeutstyret set seg fast i flotgraset, det same gjeld garn, og båt kan ikkje lenger brukast i delar av elva.

I konsesjonen for Eksingedalsvassdraget frå 1966 er det ei rekkje punkt om kva plikter BKK kan ha når det gjeld fiskeforvaltninga. Det er Fylkesmannen som ut frå konsesjonen skal gje BKK pålegg om kva tiltak dei skal gjera for fiskeforvaltninga. Fylkesmannen har i denne omgang samkøyrt sine utspel med NVE, og krev opprydding i elva og tiltak mot tilgroing i første omgang. Deretter kan BKK få andre pålegg som gjeld fiskeforvaltninga. Bygdarådet er no i tett dialog med BKK om ein mogeleg avtale mellom oss lokalt og BKK. Ein eventuell avtale skal omfatta heile vassdraget, ikkje berre dei nemnde områda. Dersom ein frivillig avtale ikkje kjem i stand, vil Bygdarådet føra saka om fiskeforvaltninga vidare gjennom Fylkesmannen og Direktoratet for Naturforvaltning. Status no er at BKK ikkje har gjeldande pålegg om å ta del i arbeidet for å bevara eit godt fiske, men BKK er på den andre sida heller ikkje friteken for ansvaret med å forvalta fisken i Ekso.

 

Utgreiing om Beinhelleren Pumpe

BKK har teke opp igjen planane om Beinhelleren Pumpe. I 2001-2002 utarbeidde BKK planar om å pumpe vatn opp i Askjelldalsvatnet frå områda nedanfor. Vatnet skal dermed gå til kraftproduksjon i Evanger kraftverk.  I grove trekk kan me seie at dette vil ta vatn frå store område, som Beinhelleren, fleire stølsområde m.a. Trefallsstølen, og ta vatn frå dei lokalt utbygde minikraftverka/ mikrokraftverka Fjellanger og Fagerdalen. Konsekvensen vert også mindre vatn i heile Ekso frå Askjellsdalen til Eidslandet.

Etter initiativ frå Øvre Eksingedalen Grunneigarlag vart det halde møte saman med Bygdarådet i april 2011. I tillegg til representantar frå dei to grunneigarlaga, deltok også representantar frå Ekso Elveeigarlag (Eidslandet/Myster) og Ekso Villfisk DA på møtet. Det er bastant motstand mot BKK sine planar frå grunneigarlaga og andre aktuelle lokale partar i saka.

Etter møtet vart det sendt brev til NVE/ Konsesjonsavdelinga om at det ikkje er akseptabelt å sjå planane for Beinhelleren Pumpe isolert frå resten av vassdraget, men at eventuell vidare planlegging må skje i form av ein heilskapleg plan for vassdraget.

Status for saka no er at BKK ønskjer å presentera planutkasta og arbeidet med konsekvensutgreiing på eit nytt møte med dei lokale organisasjonane i dalen. Dato er ikkje fastsett.

 

Konsesjonsfornying – hovudkonsesjonen for Eksingedalsvassdraget

Konsesjonen for Eksingedalsvassdraget er frå mars 1966. Konsesjonsvilkåra gjeld for 50 år, og skal dermed opp til revisjon innan 2016. Etter råd frå Miljøavdelinga i NVE, og etter at me drøfta saka på eit fellesmøte mellom arbeidsutvalet i Bygdarådet og dei to grunneigarlagsstyra i april 2011, sende me brev til NVE om formell opning av prosessen som skal føra fram til revisjon av konsesjonsvilkåra.  Ut frå liknande saker  har Olje- og energidepartementet og NVE laga ein mal (= Vinstravassdraget) for kva det vert lagt vekt på ved fornying av konsesjonsvilkår av denne typen. I korte trekk er tida for kommunale fond over. Det gjeld både næringsfond og  jakt- og fiskefond. Det som det no vert lagt full vekt på, er miljøtiltak lokalt. Miljøtiltak er ei omfattande nemning, og gjeld t.d. minstevassføring, tilgroing, fisketiltak og alt anna som kan knytast til vassdraget og konsesjonen lokalt. Eventuelle økonomiske midlar som vert knytt til konsesjonen skal gå direkte til dei lokale tiltaka, utanom vegen til kommunale fond.  Kommunen sine inntekter skal vera i form av skatt og avgift som no, og ikkje noko anna.

NVE har enno ikkje fastsett tidspunkt for den formelle  opninga av fornyinga av konsesjonsvilkåra. Men dette betyr ikkje at me treng venta  på den formelle avgjerda om oppstart av arbeidet med konsesjonsfornyinga. Me kan alt no ta opp drøftingar med til dømes BKK og/eller Fylkesmannen om kva me ønskjer av  tiltak og merkemidlar i nye konsesjonsvilkår.  Ofte har slike tidlege drøftingar ført til at element frå nye konsesjonsvilkår vert sett i verk før den gamle konsesjonen går ut.

 

Arbeidsform for saker som gjeld vassdraget

Med alle dei sakene som Bygdarådet har teke tak i når det gjeld vassdraget,  er det nødvendig å ha ei god arbeidsform. På møtet mellom arbeidsutvalet i Bygdarådet og styra i dei to grunneigarlaga 29. april 2010 der tilgroinga var eit sentralt tema, vart det utpeika eit tremannsutval  som skal koordinera arbeidet ovanfor partane me skal samarbeida med.  Med i tremannsutvalet er Sveinung Tyssen Bergo, Bjarne Lavik og Gunnar Hatland (koordinator).

På møtet mellom dei same partane i april 2011,  der hovudtema var Beinhelleren Pumpe, vart utvalet styrka med to representantar til, Trygve Nilsen frå Øvre Eksingedalen Grunneigarlag og Reidar Fjellanger  frå Eksingedalen Grunneigarlag. Dette femmannsutvalet skal  koordinera arbeidet med Beinhelleren Pumpe, tremannsutvalet held i tillegg på med alle dei andre sakene som gjeld vassdraget.

I arbeidet med vassdragssakene har me hatt eit godt samarbeid med Ekso Elveeigarlag. Dei fullmaktene me har arbeidd etter, omfattar også elveeigarlaget når det gjeld Beinhelleren Pumpe og  fornying av konsesjonen for Eksingedalsvassdraget.

Dei sakene me har hatt til no med NVE, Fylkesmannen og BKK har vore svært arbeidskrevjande.  Me må rekna med at tremannsutvalet til saman har arbeidd rundt  400 timar med sakene som gjeld vassdraget.  Grunnen til at dette er  særs arbeidskrevjande, er at  reguleringa av Ekso er omfatta av fleire lover og forskrifter som kjem i tillegg til sjølve konsesjonsvilkåra. Ved hjelp av kunnskapen som lover og forskrifter gjev, ser det ut for at arbeidet som Bygdarådet no driv, kan gje synlege resultat.

 

Grensejusteringssaka

Den største saka dette året har vore GrensejusteringssakaI årsmeldinga frå april i fjor (april 2010) stod det at ”Statssekretæren har sett i gang ein større utgreiingsprosess som kan ta litt tid. Venteleg er avgjerda teke før sommaren” . Slik gjekk det ikkje. Avgjerda let venta på seg.

Utover hausten fekk me signal om at saka kunne slå begge vegar. Arbeidsgruppa frå Bygdarådet og Grendalaget var i oktober til Oslo og hadde samtalar med Statssekretæren og representantar på Stortinget. Statssekretæren hadde sett i gang ei grundigare utgreiing. 11. november slo avisa Hordaland fast at ”Departementet seier ja til ny grense”. Me venta i spenning på ei avgjerd.

 

Månadene gjekk, og 22. februar kom det endelege svaret. Søknaden vår vart avslått, til trass for at den fylte alle krava i høve lovverket. Departementet sendte ut pressemeldinga ”Vurderer lovendring i grensejusteringssaker”. Ministeren seier at ho i utgangspunktet var stemt for ei grensejustering, men usikkerheita rundt økonomisk oppgjer gjer det krevjande.

 

Ein månad seinare, 22.mars kom vedtaket i form av brev frå departementet. Der seier dei at etter deira vurdering ”gjer kommunikasjonsmessige og geografiske tilhøve det naturleg at innbyggjarane i området ønskjer å sokna til Modalen”. Årsaka til avslaget er dei store negative konsekvensane for Vaksdal kommune. Grensejusteringssaka vår har ført til at departementet ser behov for å sjå på lovverket. Det vert difor sett i gang eit utgreiingsarbeid for å vurdera eventuelle endringar av inndelingslova, særleg med tanke på det økonomiske oppgjeret etter grensejusteringssaker.

 

Me kan berre støtta oss i det kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete skriv i nest siste avsnittet i brevet frå departementet: ”Innbyggjarane i området Eksingedalen og Eidslandet meiner at kommunale tenester som SFO og barnehage kjem dårlegare ut med veketimar og opningstid, og dei peikar på at det er tilhøve som gjer det vanskeleg å arbeida full tid. Dei er òg bekymra for at det ikkje føreligg forpliktande avtalar mellom Modalen og Vaksdal på dei tenestene Vaksdal kjøper av Modalen. Dette gjer at innbyggjarane føler ei usikkerheit rundt viktige velferdstilbod. Eg reknar med at desse synspunkta òg vert teke med i det vidare arbeidet for å leggja til rette for gode velferdstenester for alle innbyggjarane i kommunane.”

 

I mai 2011 søkte Bygdarådet  til Kommunal- og Regionaldepartementet om  støtte til utviklingstiltak i Eksingedalen. Søknaden  var ein konsekvens av  avgjerda  i  grensejusteringssaka. Avgjerda i grensesaka kom så seint at fristen for å søka om  ordinære støttemidlar var gått ut for dette året. Etter avtale med departementet fekk Bygdarådet likevel høve til å søkja departementet direkte. Tiltaka det vart søkt om  var mellom anna til oppgradering av arealdisponeringsplanen for dalen,  med utarbeiding av reguleringsplan m.a. for Lavik-området. I tillegg omfatta søknaden også  midlar til informasjonstiltak for å fremja Ekso som fiskeelv og  reklamera for t.d. sal av disponible hyttetomter i dalen.

Søknaden er enno ikkje ferdig  handsama i departementet.

 

Politisk møte juni 2011

6. juni inviterte Bygdarådet til politisk møte om utviklinga av Eksingedalen. Deltakarar var dei politiske partia i Vaksdal og eksingedølar. I møtet ynskte me å synleggjera kva som er viktig for Eksingedalen, og me ville få svar på kva dei politiske partia i Vaksdal vil gjera for Eksingedalen i kommande valperiode.

Per Jon Odèen var leigd inn som ordstyrar. Det vart eit aktivt møte mellom politikarane og bygdafolket, der mange frå salen heldt gode innlegg og stilte sentrale og kloke spørsmål. Om ikkje lovnadene sat så laust frå politikarane si side, er det heilt sikkert at fleire av dei reiste heim att meir opplyste om kva problemstillingar eksingedølane står midt i og er opptekne av. Ordføraren lova på dette møtet at Vaksdal kommune skulle ta initiativ til et utviklingsmøte til hausten. Dei politiske partiprogramma for dei fleste partia inneheldt etter dette møtet konkrete saker for satsing i Eksingedalen.

Eit engasjementet frå bygda slik me opplevde på folkemøtet i juni gjer det verdt å arbeida vidare for Eksingedalen. Historia syner diverre at ingenting kjem til av seg sjølv.

Siste åra har me likevel opplevd å få gjennomslag for viktige saker. Arbeid nyttar!

Målretta arbeid, stor innsats og at me sjølv står på trengs for å få gjennomført noko i bygda vår! Bygdarådet ynskjer å retta stor takk til alle som stiller opp og gjer ulike oppgåver for Eksingedalen!

Eksingedalen 11. september 2011

Svein Tollefsen        -         Olav Gullbrå        -            Gunnar Hatland          -           Liv Anne Bergo