Siste postdag for den kjekke postmannen i Eksingedalen

Av Liv Anne fre 14.08.2020 - 22:45
Alltid smilande postmann Arild Sigurdson.

Arild har vore postmann i 42 år og ei veke, heilt nøyaktig. Dei siste tre åra har han vore postmann i Eksingedalen. Frå i dag er han no pensjonist.

- Eg har likt meg godt som postmann og har ikkje klart å finna på noko som har vore betre, smiler Arild lurt. - Å køyra post i Eksingedalen er fantastisk. Ei fantastisk fin avslutning på karriæra mi. Her er utruleg kjekke folk. Om det er så at eg ikkje skal skravla med folk under postruta, gjer eg no det likevel. Eg plar seia at eg fordeler matpausen min utover -  til skravling med folk eg treffer på.

Eksingedølane kjem til å sakna dem blide og hyggelege postmannen. Sjølv om Arild "berre" har vore postmann her i tre år, så er det mange som er blitt glade i den jovilale karen i den raude postbilen. Alltid smilande, god sørvis og med ein god kommentar på lur. 

- Får me sjå deg att her?

- Eg håpar eg kan gå turar med "Fotalaje", og kjem gjerne på tur til Eksingedalen også. Så kanskje me sjåast på ein onsdagstur eller på ein støl? Det får me håpa!