Dekka med DAB

Av Frøydis fre 24.03.2017 - 19:35
DAB-adapter med gode signal på Gullbrå Foto: Frøydis Gullbrå

Då Eksingedalen bygdaråd kontakta NRK i haust, og fekk vite at det ikkje var lagt planar om meir utbygging i av DAB+ signal i Eksingedalen, var håpet lite om at det skulle kome signal i heile dalen før FM bandet vart sløkt i juni 2017. Men der tok me feil. Via Willy Andre Gjesdal i Vaksdal kommune, vart det tatt formell kontakt med NRK, med framlegging av behov for utbygging i heile Eksingedalen. NRK svara nokså raskt, og lovte å ha utbygging her som mål. Tidspunkt kunne dei då ikkje seie noko om. No har dei snudd seg rundt raskt, og dei siste vekene har det vore arbeidd med dette. Frå før har det vore signal frå Eidsland til Lavik, Fosse-Trefall fekk dekning for eit par veker sidan - og i dag kom altså signala heilt opp. Då er det berre å syte for å skaffe seg adapter til bil og DAB+-radioar til å ha i huset. Så håpar me NRK også vil byggje ut til alle andre i utkant-Norge som framleis ikkje har signal ved bustader. Fjellområder med hytter utan mobildekning burde også absolutt ha moglegheit for å ta inn radio. Der er det nok ein del hol framleis.