Mobilutbygging - 4G sendar på Lavik enno ikkje på plass

Av Frøydis ons 06.07.2016 - 20:06

Den siste, på Lavik har latt vente på seg. Her har Telenor ynskje om å få plassere sendar i mast som er sett opp for det nye naudnettet. 

Status 5.juli frå Vaksdal kommune er som følgjer:

-Telenor har fått avtale med naudnett om innplassering av utstyr på 17-meters høgde på oppsett mast, dette gir bra dekning for alle busette stader på Lavik, i Haugen og i Yksendalen.

-Telenor ventar framleis på nokre avklaringar frå Motorola/Naudnett (ma om montasjeunderlag), før dei kan gå i gong med utbygginga.

-Vaksdal kommune purrar på Naudnett / Motorola i denne saka no.

-Etter at Telenor har fått klarsignal og alle avklaringar er på plass, treng Telenor sin entreprenør 2-3 månader før 4G sendaren er klar.

-Telenor seier at dersom ein får avklaring før ferien kan ein vere klar til drift i månadsskiftet august/september

-Altså: tidlegast drift av 4G-sendar på Lavik i månadskifte august-september 2016.