Skrivaren tek ansvar, noterer namn og får boka trygt på plass att.
Etter ein kort og munter matpause inne i selet, bar det vidare med turfølgjet. Det var lett snøing og kort sikt. Turleiar Kåre Magnar sa frå om at det var lurt å halda sporet og gå etter han, for det er mange skavlar i vinter - og ikkje lett sjå dei.
Vidare traska me oppover mot Kvanndalen, før me skrei ned mot sankehegnet i Norddalen.
Kåre Magna var "lommekjent", og fekk alle trygt over høgda og ned att. Og det viste seg at det han sa i starten var rett: Det var lurt å gå etter han.
Dei tre som skrei litt for langt ut eller fram, fekk seg overraskingar. Alt gjekk heldigvis bra!