Klart for styrking av muskulaturen

Av Magnar fre 30.10.2020 - 09:18

Idrettslaget startar opp med styrketrening tysdagar framover mot jul. Det vert trening kl 20.00 kvar tysdag, med smittevernreglane ivareteke.  Det er eit maksantall på 12 personar i gymsalen, difor vert det påmelding til styrketreninga for kvar veke. Påmeldinga må skje mandag innan kl 22 til Anna S. Bergo på sms (48024522) eller via facebookgruppa som er oppretta med namn "Styrketrening på Bergo".  Det vert sirkeltrening med øvingar tilpassa alle, og med rom for ulike variasjonar/tilpasningar. Alle får utdelt ei matte ved oppstart, og blir verande på matta si frå start til slutt. 

Det vert to rundar med styrketrening ( 10-12 øvelsar x2)  Volleyball må me venta med til smittevernreglane tilseier at dette er ok. 

Det vert lagt ut meir informasjon i facebookgruppa "Styrketrenig på Bergo", så om du er interessert er det lurt å verta medlem der! 

Vel møtt til trening! 

Helsing styret i idrettslaget