Årsmelding 2017 - 2018

Av Frøydis man 09.04.2018 - 21:54

Årsmelding for Eksingedalen Bygdaråd 2017- mars 2018

 

Årsmøte for 2016 vart halde 7.april 2017. Etter nye vedtekter frå 2014, har alle folkeregistrerte i Eksingedalen over 16 år møterett og stemmerett ved årsmøte.

Arbeidsstyret har dette året vore slik samansett: Frøydis Gullbrå (leiar), Laila Bolstad, Jon Trefall, Ole Jakob Nese.

 

Det har i 2017 vore arbeidd med desse sakene:

Halde fram med følgjande faste saker for bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komité, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa, og å skaffa talar til året etter. Utnemning av 17.mai komité vert gjort i februar/mars, komiteen arbeider sjølvstendig.
    17.mai talar 2017 var Sigbjørn Hauge.
  • Marknadshelg: Fastsetjing av dato og val av komité for marknad annakvart år. Det var marknad 20. august 2016, og neste er planlagt 18.august 2018.. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Komitémedlemmane arbeider over to marknadar, for å få kontinuitet.
  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga. I 2017 var det  styret i Bygdarådet som hadde ansvar for innsamlingsaksjonen.
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak.

 

 

Andre saker 2017:

  • Vegstandard i Eksingedalen
  • Blomehelsing til nye eksingedøler
  • Heimebaserte tenester i indre strok
  • Arbeid for å få flyvinge-utstilling til Eksingedalen
  • Facebook-side for Eksingedalen
  • Instagram-konto

 

 

 

Om dei enkelte sakene:

Eksingedalen.no

Heimesida har framleis godt omdøme frå omverda. Mange nyttar framleis sida for å orientera seg som turistar, og for å følgja med på kva som skjer i Eksingedalen. Det har over lang tid vore arbeidd med å få sida over på ny plattform, og i februar 2018 vart den nye nettsida lansert. Innhaldet er om lag som på den gamle, utsjånad er litt fornya og den fungerer betre på mobile einingar som telefon og nettbrett. Sidan all skriving på sida vert gjort på dugnad, kan det innimellom gå litt tid mellom nye saker. Siste året har det også vore rimeleg god aktivitet med mykje nytt stoff på sidene, og mange har vore innom og lest. For oppdatering av kalenderen er ein avhengig av tilsendte saker frå bygdefolket.

Årsmeldingar og andre meldingar frå Bygdarådet er å finna under eiga fane nederst på den nye sida.

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne). Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet, dette er ikkje gjort i 2017.

 

Stølsvegane:

I 2016 fekk mange stølar i dalen nye informasjonstavler. Bygdarådet ser det som svært viktig at me kan halda fram med vedlikehald av stiane og betala utgifter ved oppvøling. Stiane har stor verdi for både fastbuande og turistar.

 

Vegstandard i Eksingedalen

Vegstandarden i store delar av dalen har i lengre tid vore prega av dårleg vedlikehald. Vegen har vore full av holer, djupe hjulspor, utrasing av skulder mm. Det vart i 2017 bytt ut ein del stikkrenner frå Bindingsbø til Nese, og Kvernhusbukta på Bergo fekk ny mur og nytt asfalt-dekke. Det vart gjort utviding og utbetring på vegen forbi Trefallstranda haust 2016/vår 2017. Bygdarådet var i dialog med vegvesenet og informerte om vårt syn på asfalt-behov og erfaring med vegen, og oppfordra til å asfaltere litt meir enn opprinneleg planlagt. Dette vart også gjort når asfalteringsarbeidet vart utført hausten 2017.

 

 

Teleutbygginga i Eksingedalen – Fiberløysing

Eksingedalen Bygdaråd har dei siste par åra hatt på programmet at ein skal arbeida for å få fiberkabel fram til alle aktuelle hus i dalen, det som har det internasjonale namnet FTTH (Fiber To The Home).

Fiber fram til alle nett-brukarane vil vera den mest avanserte og framtidsretta kabelløysinga som er mogeleg å få. Dei som har fiberkabel til dømes i Bergen, har får fast-telefon, internett/breiband, fjernsyn og alle formar for streaming-løysingar over ein og same kabel. I praksis må spreiingsnettet som det heiter, koparkablane som går frå telesentralane her i dalen og fram til kvart einskild bustadhus, skiftast ut med fiberkabel. Det som gjer arbeidet med FTTH til eit realistisk mål, er at heile dalen som kjent har stor fiberkabel gjennom heile dalen fram til kvar einskild telesentral.

Eksingedalen Bygdaråd har gjort eit omfattande kartleggingsarbeid mellom anna med å kople alle telefonabonnementa i dalen til dei nye vegadressene. Dette er eit nødvendig grunnlag for at Telenor skal ha eit korrekt utgangspunkt.

Sidan våren 2015 har Telenor hatt det synet at dei ikkje vil utgreia  fiberløysing før utbygginga av mobiltelefon-dekninga i dalen er ferdig. Årsaka er at ei god mobilløysing kan påverka interessa for fiber fram til husa til den einskilde i dalen. Først når mobilutbygginga er ferdig vil Telenor vera open for drøfting om fiber, under føresetnad av at det er gjort eit kartleggingsarbeid som viser interessa for fiberutbygging.

Det vart sett ned ei gruppe for å arbeide med dette på årsmøtet i 2017. Det har blitt gjort litt arbeid her: «Det har blitt oppretta eit kundenummer i Canal Digital på Eksingedalen Bygdaråd. Me er bedt om å levera ei liste over dei som ynskjer fiber i veggen, og levera til Canal Digital som er utbyggjar for Telenor. Me veit ingen ting om kva dette vil kosta den enkelte no, for det føreligg ingen planar om utbygging her hjå oss. Det vil me kanskje vita når lista er levert. Lista må innehalda namn og adresse, fødselsdato,telefonnummer og e-postadresse.

Det blir undersøkt om det fins støtteordningar for ei slik utbygging, fylkeskommunale eller statlege. Me bør vel også informera Vaksdal kommune om kva me jobbar med.

 

Spørsmål: Bør me informera skrifteleg før me spør kvar enkelt husstand om dette er aktuelt for dei?

 

Endringane frå slik det er no vert eit raskare internett som ein også kan bruka til å få TV-signala gjennom, og me vil vera klare for dei endringar som heilt sikkert vil koma på digital kommunikasjon.»

 

Krigssoge-utstilling til Eksingedalen

Det har blitt arbeidd med å få vandreutstilling om flystyrt ved Kvitanosi under 2. verdskrig til Eksingedalen. Ein nemnd beståande av Asle Nesheim og Kåre Trefall, i tillegg til Jon Trefall  har arbeidd med dette.

Utstillinga er no komen til Eksingedalen skule, der den er oppbevart

 

Sosiale medier

Det har i 2017 vorte oppretta facebook-side for Eksingedalen, der det blir linka saker frå Eksingedalen.no, og der det også blir lagt ut nyhende frå dalen direkte.

Det har også dette året blitt oppretta instagram konto for Eksingedalen. Her blir lagt ut hovudsakleg naturbilete frå eksingedalen, og ein del bilder frå dalen blir reposta på denne kontoen.