Vellukka Verdspremiere

Av Frøydis søn 01.11.2020 - 17:28
Hanna Gullbrå og Tom Jarle Istad Kristiansen i nydeleg samsong

Siste søndag i oktober fann me ut det måtte vere ei fin tid for å lage til konsert i kyrkja på Nesheim. Då er sauene kome heim frå fjellet, og dei fleste kyrne har kalva. På denne tida er det tidleg mørkt - og ofte surt ute. Då kan det passe fint å samlast inne i ei lun kyrkje til konsert.

Førebuinga starta i august, og lokale musikarar begynte øvinga. Etterkvart vart andre ressursar kopla på. Tom Jarle Istad Kristiansen vart henta inn frå Voss. Har er musikar på heiltid og leiar koret Vossagospel. For oss gjorde han uvurderleg innsats på pianoet - perfekt!

Grunna korona-restriksjonar fekk me ikkje samle så mange i kyrkja - og då kom ideen om å dele konserten på nettet. Nese Media med Lars Ørjan Nese i spissen tok oppdraget på strak arm, og har gjort mykje arbeid både på førehand og ikkje minst under konserten. Opptak med fleire kamera og lydopptakarar vart direkte sendt ut på det store internettet, slik at alle kunne få med seg konserten frå stova heime. 

Konserten var eit samarbeidsprosjekt mellom Nesheim sokneråd og Stftinga Kely Mandresy. Inntekt gjekk til ein barneskule på Madagaskar, som denne stiftinga er ansvarleg for. Det vart også gitt informasjon om skulen undervegs.

I etterkant uttrykte tilhøyrarar i kyrkja at dei var godt nøgde. Det var også tilbakemeldinga frå dei som såg det heimefrå. Til og med folk på Madagaskar fekk med seg sendinga og har gitt "tommel opp". Dette er veldig kjekke tilbakemeldingar å ha med seg.