Stengt veg ved Flatekval

Av Svein tir 17.04.2018 - 15:49

Ein semitrailer frå Polen fekk eit minnerikt møte med vegane i Eksingedalen. Ved Flatekvalsfossen vart det bom stopp med tilhøyrande behov for bergingsbil. 
I skrivande stund er ikkje traileren fjerna, og det er venta at det vil ta nokre timer å få han heimat.

Dette skapar ekstra utfordringar for dei som brukar vegen til og frå arbeid. Beredskapsmessig er det heller ikkje heldig at me har denne tilstanden.