Advents-quiz på Flatekval

Av Liv Anne fre 11.12.2020 - 10:07
Oversikt over alle postane på Flatekval

Nytt sjansen til å delta i familien Brønstad sin advents-quiz! 8 postar med tilsaman 16 spørsmål er hengt opp på Flatekval. Løypa er omlag 6 km lang, og tek knapt halvanna time å gjennomføra. 

Kvar post har to spørsmål med ulike svaralternativ. Noter ned bokstaven for det rette svaret, og du har tilsaman 16 bokstavar når du er ferdig. Postane er sett opp vilkårleg. Det er det same kvar du startar, og du kan dela opp i fleire turar om du vil det. Løysinga et ein setning med tre ord, dei 16 bokstavane må du stokka om sjølv!   

Ein fin tur både i dagslys og med hovudlykt. Heile turen går langs veg, grus eller asfalt. 

Løysninga er ein setning på tre ord,

 

Svar kan enten sendast inn via facebook på sida Brønstad Gard eller på sms til 47890343, hugs namn. 

Siste svarfrist er 22.desember, og trekking av premie skjer 23.desember. Ein vinnar vert trekt ut frå alle dei rette svara.