Kurs i førstehjelp utsett atter ein gong - og det er framleis ledige plassar!

Av Liv Anne tir 16.02.2021 - 08:20
Kvinne- og familielaget og idrettslaget har kjøpt inn hjartestartarar til bygda.

Det er lurt at så mange som mogeleg kjenner seg trygge på å bruka hjartestartarane dersom det er behov for det. Difor vert det kurs for alle som ynskjer å læra meir om viktig førstehjelp. 

Kurset dreier seg først og fremst om å handtera hjartestans, der orientering, varsling, hjarte- og lungeredning og handtering av hjartestartar er sentrale tema. Alle som deltek vil vera godkjente etter Staten sitt krav om opplæring i bruk av hjartestartar. 

Kurshaldar er Lasse Fossedal frå Trygg Tur DA  

Han har med alt av utstyr. Ein skal øva èin og èin og kurset er svært praktisk lagt. På kurset får alle prøva på å bruke hjartestartar på dokke, der hjartestartaren er lik dei som er kjøpt inn her i Eksingedalen.

Det er maxantal på 6 på kvart kurs, og alle smittevernomsyn er teke i vare.

Stad: Kurset vert i Ljosheim eller på skulen.

Tid:

Onsdag 24.mars kl 13 - 16

Onsdag 24.mars kl 17 - 20 

Torsdag 25.mars kl 13 - 16

Torsdag 25.mars kl 17 - 20, dersom nok påmeldte her. 

 

Pris: Kr 300 

Meld deg på til Britt Eide, tlf 901 12 985 (Ved sms, sei kva kurs du helst vil på)  - e-post: britteide@outlook.com

Nedre aldersgrense: 16 år 

Velkommen til kurs!