70 år på isen

Av Frøydis fre 08.01.2021 - 22:52

Med 11 kalde grader og tjukk is på Bergavatnet, var det duka for fin skøytekveld på Bergo. Veslemøy Bergo fyller 70 i dag, og med korona-reglar var det ikkje lett å invitere til fest. Ho tok då heller kakene med på isen, og delte med alle som ville ha. Dei var riktig gode!  Det vart bursdagssong, skeising, bandy, og litt prat. Mykje folk og god stemning - og god plass til å spreie oss utover.