Fin "Kom deg ut-dag" i stødige løyper på Nesheim denne dagen då Den Norske Turistforeninga oppmodar flest mogeleg om å komma seg ut.
Dette er Noreg sin nasjonale turdag med arrangement over heile landet. I Eksingedalen stilte idrettslaget opp som arrangør saman med Vaksdal Turlag.
Sola varma etterkvart dagen godt opp, og alle kosa seg i aktivitet og i prat med sambygdingar. Folk kom og gjekk, 38 små og store vart observerte i løypa, til fots, på ski, i vogn eller pulk.
Mange deltok i naturstien som var hengt opp i løypa, og svara var gode.
Heile fire lappar inneheldt 12 rette, og desse får Turlagskoppar i premie:
1) Kasper, Signe, Heidi og mamma Gøril
2) Alma Bergo (med mor Anna)
3) Michelle H Haukås
4) Sveinung Tyssen Bergo
Det er fint å vera veninner og hjelpa kvarandre! Heidi hadde gått løypa før, med syskjen og mor. Men, ho slo lett følgje med veninna Linea då ho kom. Denne gongen som sekretær!
- Det er kjekt med natursti, seier dei to blide jentene. Og så er dei spente på om dei får premie!