P Å S K E R E B U S

Av Liv Anne lør 27.03.2021 - 09:30
Frå Flatekval til Gullbrå finn du 12 bokstavar som gjev løysingsordet.

Idrettslaget oppfordrar til å sykla eller gå for å finna fram til bokstavane som er nær der ein bur, men det er sjølvsagt lov til å køyra bil også.

Kartet fortel kvar du skal, og alle postar heng på tre/stolpar eller bygningar.

  • På Flatekval ved brua over Ekso på Sørdalsvegen
  • Ljosheim
  • Butikken
  • 3 stader i Fagerdalen  - så her er det fint å gå runden for å få dei med seg
  • I busskuret i Botn
  • På skulen
  • I krysset på Nesheim
  • I busskuret på Brakestad 
  • Ved Trefallsbrua 
  • Ved vegs ende på Gullbrå

 

Kvar er Anna her? Det finn du ut ved å leita etter postar!

Reglar:

  • På kvar post finn du fram til ein rett bokstav
  • Bokstaven er del av eit løysingsord
  • Ordet på 12 bokstavar set du saman når du har løyst alle 12 rebusane

Dersom du går saman med nokon, kan alle vera med i trekninga - men då er det viktig at alle i gruppa har vore på alle postane sjølv! 

Løysingsordet sender du til Anna på epost: anna.bergo@hotmail.com, messenger eller sms 480 24 522 

Send gjerne med eit bilete frå rebusjakta di, som kan brukast til ein biletkavalkade over rebus-aktivitet i Eksingedalen

 

Aldersgrense: 0 - 100 år

Frist: Langfredag, fredag 2.april kl 20.00. Då vert det trekking av premie som kan hentast på butikken påskeaftan.
Namn på vinnarar vert kontakta og publiserte på  www.eksingedalen.no

Premien er ei fruktkorg til verdi av 400 kroner, i tillegg vert det trekt ut nokre småpremiar.