Ras deler Eksingedalen - FV 5410 er stengt i Stegane nedom Botn

Av Liv Anne søn 28.03.2021 - 15:44

Eit større ras stengjer no fylkesvegen gjennom Eksingedalen. Raset er omlag 15 meter breitt og 3 meter høgt, og det er materiale som har losna 40 - 50 meter oppe i lia. Både steinar, store tre, mykje vatn og sørpe er komme ned i vegen. Framleis buldrar det godt, og det rasar både tre og stein søndag ettermiddag. 

Mykje nedbør gjer fjellsida svært ustabil. Meir regn er i vente dei kommande dagane. 

 

Store mengde lausmasse stengjer vegen
Raset er gått i Stegane, like nedanfor Botn
Skal ein ferdast gjennom Eksingedalen desse dagane lyt ein gå mellom Yksendalen og Fjellanger til fots.