Varer pakka og levert på Fjellanger

Av Liv Anne ons 31.03.2021 - 21:48
Framifrå sørvis på nærbutikken i Eksingedalen! Varer pakka og levert til dei som ikkje kan køyra til butikken no.

Frå Ykensdalen gjekk det ei lang rekkje etter lokalkjende Britt Eide i tet på fin sti mellom Yksendalen og Fjellanger. Britt fortalde om stiar her og der, som ho gjekk før i tida til m.a. skuledagar i Fagerdalen.

I dag gjekk turen til Fjellanger, for å henta varer frå butikken. Turen tok 15 - 20 minutt kvar veg og var lett å gå. 

Framme på Fjellanger fordelte folk seg "kohortvis" og fylte opp sekkar med nødvendige varer. 

FIn turgjeng på ny sti, med fulle sekkar attende.
Så kom det fleire i same ærend: Med mat frå butikken i sekken, ski i handa og eit heilt nødvendig bingostativ knytt bakpå. Vert det ikkje bingo for alle i år heller, så vert det iallfall i ein heim på Gullbrå!