Årsrytme på heimegarden - Våronn

Av Svein lør 03.04.2021 - 09:27
Jakob Høvik (1931-2014)

Våronn

Våren kunne ofte kome seint i Eksingedalen. Dette gjorde at våronna ofte blei ei heller kort og hektisk tid. Det gjekk liksom så fort ifrå snøen for til bakkane grønkast.

 

Gjødsling

Det var viktig å få køyrt ut all gjødsel til rett tid og i rett ver. Ordet ”møkaver” var omgrep for fint dusjregn som bløytte opp møka og grasrøtene  utnytta innhaldet i gjødsela best då. Det var eit heller tungt og illeluktande arbeid som pågjekk i mange dagar.Lageret for gjødsla kalla dei for skur, motting. I tillegg var det landkumme, landkjellar i samband med fjøset som samlar opp kuland oppblanda med vatn og anna væske.Mottinga, der fastgjødsla låg, var gjerne så hardpakka at det var som å spa i jord. Gjødsla vart lest med handamakt med greip (møkagreip) Desse greipene hadde lange runde tindar, og greipbladet var gjerne noko breitt. Dette for å ta mest mogeleg.Til transport vart det nytta hest og møkakjerre. Ei kjerre med karm og tiller og jernskodde trehjul Møkakjerra var ofte heimelaga, men måtte ha hjelp av smed for å smi ringane på hjula.Å lessa og køyra ut møka var eit tungt arbeid. Eit arbeid unggutane fekk prøva seg på etter kvart som dei voks til. Det luktar av klær og nevar, og ryggen var ofte sår etter røynande tak gjennom lange dagar. Regnet silar ned ofte, og ein gjekk herdavåt med kaldsveitte. Måtte driva på, elles fekk ein frost i seg.Gjødsla blei ”tippa” av i passelege dungar på bakkar og åkrar. Her var det andre som overtok. Den klumpete møka måtte først hakkast meg greipa, for så å spreia ho utover i jamn tjukkkleik. Kunne ikkje slurva det frå seg. Måtte sjå til at alt blei gjødsla. Dette var også eit  arbeid som røynte på rygg og armar.

Å «ta» smalagardane

Eit fast uttrykk og arbeid om våren etter at sauene var slepte ut. Dette var eit dugnadsarbeid der små og store deltok. Sauene gjekk den gongen på tett golv. Dette gjorde at gjødsel og høyrusk blei stampa fast av saueføter gjennom heile vinteren til ein fast masse. Ja, så samanstøypt kunne det vera at det måtte brukast hakke og spade for å få det laust i store flak eller klumpar. Etterpå stod vi inne i smalhuset og pulverisera massen med hakker og spader, for så å køyre det ut på bakkane. Dette var ofte arbeid i styggever. Til skilnad på anna gjødsel, syntest vi den gongen at smalagardane lukta godt nå det blei spreidd ut. Etter at gjødsla var ute, var det å sope og vaske reint, for å å strø under med sagflis dersom sauene blei tekne inn om natta. Elles blei det om hausten før sauene kom inn, sanka og tørka kammablom til underlag.

Å køyre land

Eit utriveleg arbeid med amoniakklukt tvers gjennom alt av klede og hesteutstyr.Det var to måtar å lagre land på. Den eine i lukka kum med tappekrane. Den andre måten var eiga landkumme utan tappekrane. I det siste tilfelle måtte det ausast med bøtte i landkassa og køyrast ut med hest. Landkassen hadde spreiar bak, og såleis lett å få tømt direkte på bakken medan hesten drog framover. ”Ha passeleg fart på hesten”, var beskjeden ofte. Det skulle fordelast jamnt, og ikkje for mykje. Det kunne svi grasrota, dette var sterk vare. Når det var tappekrane på landkumma, var det lett å lessa. Men ikkje alltid like behageleg. Her var ofte stort trykk, som skulle regulerast med ei metalloke/ventil. Det kunne bli utriveleg og kaldt på hendene.

Tenk om det fanst vasstette hanskar!

Såing

Det galdt å så i tide, og bøndene var opptekne med både såtid og såver. I gamledagar og under siste krigen blei det sådd ein god del bygg og havre på gardane. Av dei kornslag som var då, måtte vekstvilkåra vera gunstige dersom avlinga skulle slå til. Særleg knipe kunne det bli med modning av havreåkrane. Kunne vera altfor kort til mellom vår- og haustfrostnetter.

Det blei dyrka mykje poteter heime. Poteter til ein stor familie, til dyrefor (særleg kokte poteter til grisemat), og sjølvsagt for sal. Det var unga- og kvinnfolkarbeid å setje poteter. Karane grov attpå med grev. Til oppreiting av potetfora blei det nytta ein ”potetplog” Den hadde dobbelskjær og vart dregen med hest. Folk med små åkrar kunne ha små plogar som to mann kunne dra og ploga opp med.

Arbeid med hesjene

I min barndom/ungdom heime blei graset for det meste turka i hesjer og køyrt inn på låven som tørt høy. Berre håa blei stekt ute som surhåstakkar, gjerne med tretak over. Etterkvart kom tre- og betongsiloane og overtok for hesjinga.

Det var tre slag hesjer på garden. Faste trehesjer, faste strenghesjer med to tretroer på toppen, og så dei som tok mest, dei som blei sett opp om sommaren og tekne ned om hausten.

Dei faste hesjene fanst mest der det var ljåslått. Der vi kunne slå med maskin, var dei såkalla ”laushesjer”.

For å spara tid i den travle slåtten, måtte våren nyttast til vedlikehaldsarbeid av dei faste hesjene. Og ettersom desse fanst både på heimebøen og utslåttene, vart det i alt eit heilt arbeid. Trematerialane fann dei vyrkje til i skogen om vinteren, og blei skore til på saga, som låg eit par kilometer unna. Dette arbeidet var karaarbeid, og vi fekk tidleg opplæring ved å vera med i ung barnealder.

Buskapen slepp ut

Det var ikkje berre folka som livna opp or snødynene etter ein lang vinter, men også buskapen som skulle ut. Dei snakka om «løysetid». I det låg det om ver og grasvokster var forsvarleg. Sauene kom tidleg på beite på heimebøen. Lammebreking og fuglesong fylte vårmorgonen. Men den store dagen var for oss ungane når kyr, oksar og kalvar skulle av båsen og leiast i tog til hamnehage.

Hamnehagen var Kalvehagen. Her løyste alle på den same dagen og dette var litt av eit syn. Han Røys-Ola måtte springa i staden for dei lange seige stega. Kjeringa skramla med bøtter og lokka slik berre ho kunne gjera. Både folk og beist for løye åt, tykte vi ungane. Det kunne ta mest halve dagen å få bølingane i Kalvahagen og roa dei ned. Ukjende kyr slost så fillene fauk, og eigarane slo mellom horna og aga til fred. Til slutt løyste det seg opp, og dyra fann tak i det feite vårgraset.

Så merkeleg: Detvar alltid tre bølingar som held lag på beitet, medan den fjerde bølingen gjekk for seg sjølv. Eg hugsar eg grunna ofte på kvifor det var slik. I min barndom tenkte eg at på dei tre bruka var det små ungar som støtt var i lag. På det fjerde bruket var det berre vaksne. Hadde det nokon samanheng?

Fiske

”Når lauvet er stort som eit musøyre, då bit fisken godt”, sa Morten Husmann. Slik byrja eit lesestykke i Nordahl Rolvsens lesebok, kan eg hugse. Og slik var det i Eksingedalen også. Når bekkane og elvene flødde opp i ruskever, beit fisken godt.

I slikt ver blei det fiska mykje med makkatroe. Det kunne vera ei rognepiske med taum og angel på. Makk fann me under steinar, eller ved å spa i nærleiken av gjødselhaugar. Måtte helst vera raud makk, ikkje ”kvitingar”. Dei blei kasta. I slikt flaumver hadde vi faste, gode fiskeplassar som skjeldan svikta, og vi kunne koma heim med store fiskehenker. Sjølve hanka var ei kluft av bjørk eller rogn, høveleg til tre gjennom toknopningen og kjeften på fisken.

Når det var finver om sommaren, nytta vi flugefiske med kastestang, eller gjekk i båt med line med fiskefluge på. Kunne ha 5-6 fluger på kvar line, fluger med ulik farge. Det var såleis snart å finna ut kva fluga som fiska best. Varierte med ljos, elvebotn og tid på dagen. Både Søafor og Langhyljane kunne vera gode fiskehølar.

Stundom drog vi på stølen eller ”Nord i Tjørna” for å fiska. Største fisken eg har fått noko tid i Eksingedalen, var i Grasdalen. Eit dalføre nedanfor stølen vår og Fitjane. Det var regnver og makkafiske. Det var ein stor fisk, men heller mager. Men eg vågar ikkje oppgi cm, då slike mål lengnar ofte med tida i minnet ...

Fisken blei oftast nytta. Dei minste gjekk til kattamat. Kokt ”kråtafisk” med blengsupa og flattbrød med godt smør på var brukeleg mat. Var fisken litt stor, hende det at det blei steikt aure. Hjå oss var det mange munnar å mette, så det fall vel oftast enklast å koka fisken.