100 000 steg: Gullbrå til Dale!

Av Liv Anne lør 03.04.2021 - 21:51
"Lite snø til skigåing, då er det like greit å berre gå 7 mil og 100 000 skritt på 15 timar. Null stress.", skriv Vegard Gullbrå Tollefsen på sin Instagram-profil.

Dei 4 som starta denne lange turen til fots fredag var eksingedølen Vegard Gullbrå Tollefsen og dei tre syskenborna hans frå Vaksdal; Eivind, Ingrid Marie og Ole-Johan Faugstad Gullbrå. Dei byrja på Gullbrå kl 8.15. Eivind gav seg etter imponerande 65 000 skritt, medan resten av gjengen gjekk heilt til Dale.  

Korleis kom de eigentleg på dette?

- Det var vaksdølingane som kom med ideen. Eg veit ikkje heilt kor ideen kom frå, trur det berre er for å ha sagt at ein har gått 100 000 steg på ein dag! Vaksdølingane hadde tenkt på å gjere dette lenge, og når nokon dei kjente prøvde, men ikkje klarte det, fann dei ut at dei måtte gjere det før dei andre gjorde eit nytt forsøk. Så då spurde dei om eg ville vera med, og det var eg sjølvsagt! Så; dei har hatt planen lenge, eg hadde den frå mandag, fortel Vegard. 

Ingrid Marie, Eivind, Ole-Johan og Vegard ved start på Gullbrå fredag 2.april kl 8.15

- Me høyrde på musikk heile vegen, og frå Modalstunnelen høyrde me på musikk med akkurat 130 "slag" i minuttet, slik at me kunne gå i takt med den for å få skritt effektivt. Frå Straume byrja det å butta i mot. Dei siste 20 000 stega var det ekstra tungt, der me "småtrippa" for å få mange steg.

Men, motivasjoben var der, og me klarte å motivere kvarandre til å klare det! - seier Vegard. 

I fin driv nedover Eksingedalen
Vidare frå Eidslandet til Stamnes
Klokka 8:15 - 23:15 - 100 000 steg og 70,83 km

 

Anbefaler du turen til andre? 

- Det er absolutt ikkje til å anbefale. Alle fire har store gnagsår, og eg kjenner det i alle fall godt i beina. Men det er jo sjølvsagt kjekt å kunna seia at ein har gått frå Gullbrå til Dale på ein dag! Seier fornøgd Vegard dagen derpå.

- Eg kan nok greia Kvitanosi att om eit par dagar, ja. 

Vegard er van med å gå på ski. Sist år nådde han toppen på Kvitanosi heile 19 gonger! 

100 000 steg! Men bilete var dei no for trøytte til å ta.