Bygdarådet har mange saker i lufta!

Av Liv Anne ons 21.04.2021 - 21:27
Arbeidsutvalet etter årsmøtet: Frøydis Gullbrå, Lars Patterson, Jørgen Engdal Bergo og ny leiar Magnar Nese

Alle over 16 år som er folkeregistrerte i Eksingedalen er medlemmar av Bygdarådet, og har møterett og stemmerett på årsmøtet. Bygdarådet engasjerer seg i saker som er viktig for Eksingedalen. Mellom årsmøta er det arbeidsstyret som tek seg av faste arbeidsoppgåver og saker som dukkar opp. I tillegg til dei fire i styret er det også mange andre som utfører oppgåver knytt til Bygdarådet. For det er Bygdarådet som syter for at det vert vald 17.mai-nemnd og marknadskomitè, at det er drift av og aktivitet på www.eksingedalen.no -  og at stølsvegar vert merkte.

Bygdarådet  jobbar for det beste for bygda -  og deler også ut prisen "Årets Eksingedøl" til ein person/ ei gruppe som har gjort noko kjekt eller viktig for Eksingedalen siste året. Ulike ressurspersonar i dalen er også engasjerte med kompetanse i ulikt arbeid der det trengs.

Året 2020 har vore sterkt prega av koronasituasjonen. Årlege arrangement og planlagte møte har gått ut. For i 2020 vart det ikkje halde årsmøte, det var ikkje felles 17.maifest, ingen utdeling av "årets Eksingedøl" eller marknad. Det planlagte besøket av Vaksdal kommune sitt politisk valde bygdeutviklingsutval vart også avlyst grunna pandemien.

Saker som arbeidsstyret har jobba med i 2020 har vore:

  • fiberkabel fram til kvart hus
  • innspel til Vegvesenet om behov for sikrings langs vegen i Eksingedalen
  • uttale til kommunen om behov for barnehage i Eksingedalen
  • utgreiing om å få gammal telefonkiosk tilbake til dalen
  • blomehelsing til familien til mann som omkom i arbeidsulukke på Gullbrå i september

Dei to første av sakene er saker som har gått att dei siste åra, og årsmøtedeltakarane støtta opp om kor viktig det er at nokon stadig tek tak i og jobbar fram dette. I 2007 kom det fiberkabel gjennom Eksingedalen, med kapasitet til å dekka Florø by sitt behov for internett. Sidan den tida vert det gamle koparnettet fasa ut - og det er fiber i vegg eller mobilt breiband som er løysinga. For mange er det i dag ei utfordring å få etablert ei god nok løysing. Farten på nettet, dekningsgraden og driftstryggleik er det sentralt i vidare arbeid i høve kommune, fylkeskommune og nettleverandør. Årsmøtelyden gav uttrykk for at å jobba med å sikra godt nett, er av det aller viktigaste med tanke på næringsutvikling, velferdsteknologi, kommunikasjon og framtid. 

Ei ny sak som Bygdarådet skal jobba med, er å oppmoda Vaksdal Kommune om enkelt å gjera fritidsbustader om til heilårsbustader; å gjera det lovleg å bu på hytta heile året. Slik det er no kan ein søkja om dispensasjon eller bruksendring, men dette er både ein møysommeleg søknadsprosess og det kostar mykje. Det er omlag umogeleg å få kjøpt seg bustadhus i dalen. Om "hyttefolk" hadde fått bu he,r ville det vore positivt for folketalet og gjera det mogeleg å kjøpa seg bustad. 

Arbeidsstyret planlegg å dela ut pris til "Årets Eksingedøl" i mai. Her ynskjer dei framlegg om kandidatar, eiga informasjonssak kjem på heimesida. 

I veka frå 24.mai vert det vårryddedugnad. Meir informasjon om dette kjem også som eiga sak. 

Årsmøtet sette dato for neste Eksingedals-marknad. Det vert laurdag 20.august i 2022.  

Frøydis Gullbrå har vore leiar i Bygdarådet sidan 2014. Ho overlet no leiarplassen til Magnar Nese. Magnar har vore med i styret, og byter plass med Frøydis som går frå leiar til styremedlem. Jørgen Engdal Bergo tok også attval. Ny i styret er Lars Patterson.

Dei fire går friskt i gang med arbeid for Eksingedalen - og ynskjer svært gjerne innspel til nye saker, små eller store.