Den blidaste butikksjefen er årets eksingedøl!

Av Frøydis fre 25.05.2018 - 07:52

Årets Eksingedøl

Det er mange som gjer ein positiv innsats for dalen her –og for sambygdingane. Både i det små og i det som er meir synleg.

Når me no i vår på årsmøte i bygdarådet bestemte at det skulle delast ut ein pris for årets eksingedøl, så var det for å heie fram det positive, for å vise at bygda set pris på positivt engasjement.

I april gjekk det ut oppfordring til folket i dalen om å kome med forslag til kandidatar til denne tittelen – årets eksingedøl. Det skulle vere ein person som har gjort ein god innsats for dalen siste året – men engasjementet kunne også strekkje seg over fleire år tilbake.

Det kom inn forslag på fleire gode kandidatar, men det var likevel ikkje veldig vanskeleg å kome fram til ein verdig vinnar av årets pris.

Hege Marie Lavik flytta heim og overtok nærbutikken på Lavik i fjor. Ho fekk prisen for sitt store pågangsmot. Ho har vore modig – og satsa der andre kanskje ikkje ville turt -og tatt sjansen på at draumen kunne lukkast. Ho har tatt med sambuar og flytta heimatt til Eksingedalen og skapt sin eigen arbeidsplass. Ho har skapt eit samlingspunkt for dølane. Ho er eit blidt ansikt utad som tek imot turistar på ein god måte. Ein informasjonssentral og god ambassadør for dalen vår. Ho er open for innspel, er heile tida på jakt etter kundane sine tilbakemeldingar og ynskjer alltid å møta deira behov. Ho er alltid blid og imøtekommande. Ho har gjort det triveleg å handla i dalen med ryddig og rein butikk – og med så stor hjelpsomheit.  Ho gjer at me slepp å reisa ut av dalen for å handla.

Gratulerer til Hege - Årets eksingedøl!