Ryddinga heldt fram!

Av Liv Anne tor 03.06.2021 - 13:46
Langs vasskanten rundt Bergovatnet er det fjerna plast og anna boss.
Det er rydda rundt Trefallsvatnet. Bilen vart full to gonger.
Vegkantane på Bergo er rydda frå Stiksberget til Bergokulten

På Lavik er det rydda langs vegen frå Vegaskiftet og forbi gardane på Lavik. Og rydding er i gang på bortomsida på Lavik òg. 

Sekkar kan hentast på butikken eller hjå Anna og Jørgen

Alle er velkommen til å delta, og det gjer du slik: 

  • Rydd der du er eller bur, rydd aleine eller saman med nokon. 
  • Ryddesekkar hentar du på Eksingedalen Snarkjøp, eller på Bergo hjå Anna og Jørgen. 
  • Sekkane leverer du/de ved hyttecontainarane i dalen (Flatekval, Lavik, Nesheim eller Ekse) seinast søndag 6.juni. 
  • Sekkane vert henta mandag morgon (7.juni) av BIR sine bilar. 

Knips gjerne eit bilete eller to og send til annabergo@hotmail.com. Kjekt om bilete som kan publiserast i sak på eksingedalen.no i løpet av veka. Ryddinga er i regi av Eksingedalen Bygdaråd, og det er Anna og Jørgen som organiserer dette lokalt. 

Saman heldt me Eksingedalen rein!